- Eg vart tvungen til å gjere ting av den russiske mafiaen, seier Rolf Martin Jacobsen. Han avslutta nyleg soning av ein fengselsdom, men er for lengst i gong med nye lovbrot, meiner politiet.
I mellomtida har han russisk mafia i helane, fortel Jacobsen i eit intervju med bladet Kapital.
Fryktar for livet
Den svindelsikta fryktar no for livet.
- Den russiske mafiaen ba meg gjere tenester for dei. Eg nekta i det lengste, men så vart eg pressa. Dei kutta meg i armen og sparka meg i foten så den knakk. Dei la eit avkappa grisehovud utanfor døra mi, og det vart kasta stein inn gjennom vindauget mitt med bodskapen "I kill you", seier Rolf Martin Jacobsen til bladet.
Bur på Nordfjordeid
På papiret utvandra han til Spania i 1987. I virkelegheita bur han no i Nordfjordeid, på flukt frå den russiske mafiaen.
- Dei trugar med å ta familien min og meg. Dei har gått laus på meg fleire gonger, så det er ikkje tome trugslar. Eg føler meg litt tryggare her oppe. Det er vansklegare for dei å kome opp til Nordfjordeid og ta meg, for så å stikke av. Då er sjangsen for at dei sjølv blir tekne veldig stor, sier Jacobsen.
Stoppa i tollen
Til no er det berre han sjølv som er blitt teken. I 2006 fekk han eitt års fengsel, derav seks månader på vilkår, for dokumentforfalskning og bilsvindel i Spania. På veg heim til Norge med flyttelasset vart han stoppa på grensa. I flyttelasset fann tollarane ein bag full med falske vognkort og mange falske stempel.
- Russisk mafia planta dokumentasjon på vognkorta i flyttelasset mitt og ringde til tollvesenet, hevdar Jacobsen.
Han har sona ferdig, men er allereie i ferd med å bli sikta for nye lovbrot. Denne gongen handlar det om tilhøve knytt til bilimport frå Tyskland og utleige av polsk arbeidskraft.
Gjekk til helvete
- Det gjekk til helvete
- Dersom fiskefarmen hadde blitt ein suksess, ville eg hatt dei same muligheitene som John Fredriksen og Kjell Inge Røkke. Vi hadde ein produksjon som låg an til å bli hundre gongar større enn den til Marine Farms. Sjangsane var der, men det gjekk til helvete då båten sank, seier Jacobsen.
- Kvifor vart du trua av mafiaen?
- Vi venta på forsikringspengane for fiskeanlegget som sank, og kreditorane blødde. Eg tok opp eit såkalla legitimt lån i gråmarknaden, men så vart firmaet kjøpt opp av russarar. Då vi ikkje fekk forsikringspengane, skulle dei ha pengane sine tilbake på dagen. Dei bad meg om å gjere tenester, eg nekta i det lengste, men så vart eg pressa, seier Jacobsen.
- Når du sit på ein kafé og plutseleg får ein springkniv nesten i pulsåra på den eine armen, blir du ikkje i humør til å nekte.
Skuldar 114 millionar
I kjølvatnet av fiskefarmskandalen fulgde eit gigantsøksmål og skuldingar om svindel. I 1997 vart Jacobsen, som ein av ein rekkje personar, dømd av britisk høgsterett for medverknad til bedrageri i ein av dei større svindelsakene i Europa.
Bakgrunnen for søksmålet frå Jyske Bank, Jacobsen sin bank, var at filialsjefen i Gibraltar gav ei rekkje lån utan tilstrekkelg garanti og aksepterte store overtrekk på enkelte av klientane sine kontoar. Ifølge Bergens Tidende skulle mellom 50 og 60 millionar av dei 665 millionane som Jyske Bank meinte seg svindla for, ha funne vegen til Jacobsens konto i Sparebanken Nor.
Jacobsen vart dømd til å betale Jyske Bank tilsvarande rundt 100 millionar kroner. I 2001 vart han slått personleg konkurs etter begjæring frå Jyske Bank med samla krav på nesten 114 millionar kroner.
Frå lenge å ha levd herrens glade dagar på den spanske solkysten, satt han plutsleg i botnlaus gjeld.
Med politiet i helane
Jacobsen har ikkje berre mafiaen i helane. Sogn og Fjordane politidistrikt har hatt han i søkelyset lenge. I juli i fjor føretok dei ein razzia på Jacobsens kontor i Nordfjordeid, der dei kverrsette pengar, dokument og to importerte bilar. Jacobsen vart pågrepen, men ikkje varetektsfengsla.
- Eit av forholda er knytta til bruktbilsalet hans, seier politiadvokat Terje Gjertsen i Sogn og Fjordane politidistrikt, til Kapital.
- Etter vårt syn dreiar det seg om ulike typar svindel, men vi meiner at det er gjort svindel i samband med importen av bilane også. Vi har gjort ferdig ein såkalla arbeidssikting, men vi har inga formell sikting enno, seier Gjertsen.