Hopp til innhold

Opnar veg etter ulukke

Vegen ved Norddalsfjord bru på strekninga Grov–Isane er opna for trafikk igjen. Vegen har vore stengd sidan onsdag føremiddag etter at eit vogntog velta.

Trailer kvelva i Norddalsfjord

VOGNTOG KVELVA: Sjåføren blei lettare skadd då eit vogntog laste med sement velta på vegen til Norddalsfjorden onsdag føremiddag.

Foto: NRK-tipsar

– Vi fekk opna vegen klokka 05:30, seier vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Eit vogntog velta ved brua onsdag føremiddag. Sjåføren vart lettare skadd og send til sjukehus med ambulanse etter ulukka.

Erikstad seier det framleis står att litt arbeid med sikring og oppsetting av rekkverk, men vegen er altså open for trafikk.

Elles er åtte vegar stengde, eller delvis stengde på grunn av flaum og ras.

– Her blir det gjort ei ny vurdering når det lysnar av dag.

Dei stengde vegane er:

  • Fv 60 Hilde, på strekningen Byrkjelo–Stryn. Innsnevring på grunn av flaum
  • . Fv 184 Hatleli–Øyri, på strekningen Hatlehi–Øyri. Stengt på grunn av flaum.
  • Fv 245 Flåm, på strekningen Hokabøane–Nedre Brekke bru. Stengt på grunn av flaum.
  • Fv 301 Øygarden, på strekningen Farnes–Hjelle. Stengt på grunn av flaum.
  • Fv 421 Roska, på strekningen Roska–Vik. Stengt på grunn av flaum.
  • Fv 422 Osen bru, på strekningen Osen bru–Hjelmeland. Stengt på grunn av flaum.
  • Fv 601 Underdalen, på strekningen Langhuso–Undredal. Stengt på grunn av steinras.
  • Fv 610 Hestad, på strekningen Osen bru–Eldalosen. Stengt på grunn av flaum.


Her kan du finne oppdaterte vegmeldingar