Hopp til innhold

Opnar rektorsaka att

Saka mot rektoren frå Sogn som er tiltalt for å ha lasta ned overgrepsbilete av mindreårige vert opna att. Det skriv Sogn Avis. På grunn av nye bevis som kan styrke rektoren si sak har forsvararen hans, Louis Anda, overtydd lagmannsretten om at saka må få ein dag ekstra i retten. Det vil seie at saka som vart avslutta onsdag denne veka, held fram i desember.