Hopp til innhold

Muslimane ønskjer moské i Florø

Muslimane i Florø har venta lenge. Dei treng eit nytt gudshus, men har ikkje tomt.

Lesing av koranen

ØNSKJER MOSKÉ: I Florø treng muslimane ein større samlingsplass, og håpar på hjelp til å få tomt til moské.

Foto: SHAH MARAI / AFP

Muslimane feira slutten på fastemånaden ramadan med ei bøn om tomteplass til moské.

– Vi treng ein samlingsplass som har rom for alle. Lokala våre i Markegata har vi vakse ut av for lenge sidan, seier Omar Abdullahi Mohammed, leiar for Muslimsk kultursentrum i Flora til Firdaposten.

Muslimane har allereie samla inn 300 000 kroner, og dei har god tru på at dei skal klare å samle inn dei to millionane dei treng for å reise bygget.

(Saka held fram under biletet)

Koranen

TRENG MEIR PLASS: Muslimane i Florø håpar kommunen kan hjelpe dei med tomt til moské.

Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

I dag bur det rundt 300 muslimar i Flora kommune.

Varaordførar i Flora, Jan Henrik Nygård, seier til avisa at han er positiv til å få skaffe dei ei tomt.