Hopp til innhold

Bomma fire gonger på siste skyting - tok sin tredje verdscupsiger denne veka

Johannes Thingnes Bø tok sin tredje verdscupsiger denne veka då han vann jaktstarten i Kontiolahti i dag. Dermed har han fem verdscupsigrar denne sesongen - meir enn nokon andre i verdscupsirkuset.

Det var mye vind på siste skyting for Johannes Thingnes Bø.

– Det var fantastisk løp av Johannes. Eg sluttar aldri å under meg over løpsopplegget og hovudet hans. Det er uverkeleg når han er så ung, seier NRK-ekspert Halvard Hanevold.

Thingnes Bø gjekk ut med 19 sekunds forsprang til Alecander Loginov og Lowell Bailey. Han hadde ei kjempeopning og auka forspranget frå 19 til 26 sekund på dei første 1,6 kilometrane.

På første skyting gjekk alle blinkane ned i superfart, medan Emil Hegle Svendsen bomma tre gonger, og fekk løpet øydelagt.

Heldt heilt inn til mål

Også på første liggjande hadde Thingnes Bø dagen, og skaut fem treff. Ved 6,6, kilometer låg franske Martin Fourcade 39 sekund bak.

På tredje skyting fekk Thingnes Bø ein bom, medan Fourcade fekk to, noko som sende stryningen ut eit hestehovud framfor franskmannen.

Men på siste skyting fekk Thingnes Bø fire bom. Både Bjørn Ferry og Martin Fourcade, som jaga hakk i hel, fekk høvesvis to og ein bom.

Dermed gjekk Fourcade ut 16 sekund bak Thingnes Bø. Stryningen hadde ein kjempedag i sporet, og tok sigeren 16 sekund framfor franske Martin Fourcade.

Svenske Bjørn Ferry tok tredjeplassen og Lars Helge Birkeland kom på fjerdeplass.

Imponerte storebror

Tarjei Bø har stått over løpa i Kontiolahti, men følgjer nøye med kva som skjer.

Han helsa veslebror med denne meldinga på Twitter etter at veslebroren tok sin femte verdscupsiger i dag:

Laster Twitter-innhold