Hopp til innhold

No er han verkeleg i ferd med å finne forma

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø, sette tysdag kveld ny seniorkrinsrekord på 200m under stevne på Bislett.

Øyvind Strømmen Kjerpeseth

VANN: Sist helg vann Øyvind Strømmen Kjerpeseth eit Grand Prix-stemne på Brandbu.

Foto: Bjørn Hytjanstorp

Med tida 21.45 sletta han sin eigen rekord frå forrige sesong som lydde på 21,75. I vinter sprang Øyvind også under gjeldande utandørs krinsrekord på 100m.

Kjerpeset deltek i eit godt felt på 400m hekk under elitestevnet Hyunday Grand Prix i Florø laurdag 8. juni.

– Øyvind har fått ein god start på utandørssesongen og har i vinter hatt sterkt fokus på å bli hurtigare for å kunne presse tida si på favorittøvinga 400m hekk ytterlegare ned, opplyser Narve Heggheim i friidrettskrinsen.

Han meiner at Øyvvind ligg an til mange gode resultat i år, og at det blir spennande å følgje dei kommande konkurransane på desse distansane og jakta på den norske seniorrekorden på 400m hekk.

– Publikum kan få sjå han i aksjon og heie han fram i jakta på rekorden på heimebane allereie under Hyunday Grand Prix på Florø Stadion 8. juni, seier Heggheim.