Hopp til innhold

NRK-fotograf (52) omkom i trafikkulukke

Det var Heidi Lise Bakke (52) frå Førde som omkom i trafikkulukka i Bygstad tysdag føremiddag.

Heidi Lise Bakke

Politiet har tysdag kveld frigjeve namnet i samråd med familien.

Ulukka skjedde ved eit privat gardstun i Bygstad i Gaular. NRK-fotografen kom i klem då den store varebilen ho var passasjer i hamna utfor ein skrent og vart liggjande på sida i vegen nedanfor parkeringsplassen.

Mannskap frå ambulanse, politi, luftambulanse og brannvesen rykka ut til staden. Livet stod ikkje til å redde. Føraren, ei kvinne i 40-åra, kom frå ulukka utan fysiske skader.

Heidi Lise Bakke var opphaveleg frå Vågå i Gudbrandsdalen, men har ei årrekkje jobba ved NRK sitt distriktskontor i Førde. Ho etterlet seg ektemann og to vaksne søner.