Hopp til innhold

NRK-tilsett omkom i trafikkulukke

Ei kvinne i 50-åra er stadfesta omkomen etter ei utforkøyring i Bygstad i Gaular tysdag føremiddag.

Omkom etter utforkøyring

KØYRDE UTFOR: Ein tilsett i NRK Sogn og Fjordane omkom i ei utforkøyring i Bygstad tysdag føremiddag. Her er politi og bilbergar i gang med å rydde på staden.

Ulukka som vart meldt klokka 10.42 skjedde på eit privat gardstun i bygda. Den store varebilen hamna utfor ein skrent og vart liggjande på sida i vegen nedanfor parkeringsplassen. Passasjeren vart liggjande i klem under bilen.

Mannskap frå ambulanse, politi, luftambulanse og brannvesen rykka ut til staden.

Den omkomne er ein NRK-tilsett som var på jobb då ulukka skjedde.

– Vi kan stadfeste at personen er omkomen, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK like etter klokka 12.

Politiet opplyser at det var to personar i bilen. Føraren, ei kvinne i 40-åra, kom frå ulukka utan fysiske skader.

Naudetatar på ulykesstaden

UTRYKKING: Alle naudetatane rykte ut til ulykka i Bygstad.