Hopp til innhold

Nok ei suksesshelg for Oktoberfesten

Oktoberfesten i Stryn har nok ein gong gjort braksuksess. Totalt var det i helga seld 5600 billettar, og arrangørane anslår at det var i underkant av 10.000 innom Stryn i løpet av helga.

– Vi er kjempenøgde, seier Oktoberfesten sin «kardinal» og nye leiar, Kim Rune Flo.

For det var ikkje berre dei som var i festivalteltet som deltok på moroa. På dagtid laurdag var det tradisjon tru parade gjennom gatene. Arrangørane trur det totalt kan ha vore så mykje som oppunder 10.000 menneske i Stryn sentrum i helga.

Ville gjere festivalen endå betre

Kardinalen er tittelen til den ferske festivalsjefen, for det å ha titlar er ein del av det heile. Og kardinalen, han samanliknar Oktoberfesten med 17. mai-feiring.

– Det har vore folk overalt, seier Flo.

Dette året har dei jobba mykje med å gjere festivalen endå betre enn i fjor. Det syner også att på politiloggen i helga at dei truleg har lukkast.

– Vi har prøvd å gjere det meir organisert, vi har prøvd å ha reinare toalett og halde området ryddig og fint. Og vi har fått gode tilbakemeldingar frå folk som seier at det har blitt betre, seier Flo.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sjå og høyr opningstalen under årets Oktoberfest i Stryn.

OPNING AV FESTEN: "Burgermeister" Anne Margrete Tonning stod tradisjon tru for opninga av Oktoberfesten. Foto: Roger Vik

Lite bråk og mykje stemning

Han seier mykje av årsaka til at det har vore lite bråk er dei gode vaktstyrkane, samt eit godt samarbeid med politi og med taxiane, for å unngå at folk blir gåande att i sentrum etter stengetid.

– Ein av suksessfaktorane er at det vi har besøkjande heilt frå 18 til 80 år, og det er jo ein viss sjølvjustis når bestefaren din er der også.

At folk i så ulike aldersgrupper vel å komme, trur han har mykje å gjere med breidda i det festivalen byr på.

– Det blir så god stemning, og alle treff på kjentfolk, seier han.

Kjem folk frå heile landet

Men det er ikkje berre lokale folk som tek turen.

I helga har dei hatt gjestar heilt frå Svalbard, Alta, Hammerfest, Mandal, Stavanger, og så vidare. Flo trur Oktoberfesten er blitt ei merkevare for Stryn, og fortel at også fleire firma har vald å leggje firmaturen sin hit akkurat denne helga.

Når det gjeld høgdepunkt får han litt problem med å svare.

– Høgdepunkta kjem som perler på ei snor, men om eg må nemne noko må eg seie husbandet, der medlemer frå Stryn Ping Pong Club spelar slagerar. Då løftar taket seg.

Arrangerte ølkonkurranse

Nytt av i år var ølkonkurransen, også den var ein stor suksess, ifølgje «kardinalen».

– Vi hadde over 20 deltakarar som vart til 10 finalistar, og vi hadde folk som sende øl heilt frå Bergen. Så vi hadde både lokale og ikkje-lokale deltakarar, fortel Flo.

(Artikkelen held fram under videoen)

Oktoberfesten arrangerte ølbryggingskonkurranse i Stryn.

KONKURRANSE: Nytt i år var ølbryggingskonkurransen, der deltakarar kom heilt frå Bergen for å vere med. Foto: Roger Vik

Han takkar dei 50–60 medlemmene i Stryn Ping Pong Club for at festivalen har gått så bra som den har gjort.

– All innsatsen dei legg ned er dugnadsarbeid. Dei har jobba dag og natt den siste veka, og det er lagt ned 2000 dugnadstimar. Vi begynner jo allereie i januar å planlegge neste festival, så eg må også takke næringslivet, og ikkje minst kjerringane, for september er ein travel månad. Vi set veldig pris på at dei gir oss høve til å lage til dette. Til sjuande og sist heng det jo saman.