Hopp til innhold

Navarsete ny kommunalminister

Liv Signe Navarsete byter plass med Magnhild Meltveit Kleppa.

Liv Signe Navarsete

SKIFTAR DEPARTEMENT: Liv Signe Navarsete ser ut til å bli ny kommunal- og regionalminster.

Foto: NRK

Det betyr at Navarsete vert ny kommunal- og regionalminister. Meltveit Kleppa vert samferdsleminister.

Dette skal vere den einaste omrokkeringa blant statsrådane til Senterpartiet.

Navarsete har vore samferdsleminister i heile den førre stortingsperioden.

- Sterk statsråd

- Ho er ein sterk statsråd med lang erfaring. Det vert bra for kommune-Norge å få Liv Signe som kommunalminister, sa statsminister Jens Stoltenberg då han presenterte regjeringa på slottsplassen tysdag føremiddag.

Også KS-leiar i Sogn og Fjordane, Olav Lunden, er glad for utnemninga av Navarsete.

- Ho har ei god evne til å få gjort ting. Det har vi sett i samferdsledepartementet.

Heidi Grande Røys frå Bremanger går ut av regjeringa. Ho har vore fornyings- og administrasjonsminister dei siste fire åra. Før det var ho erfaring som stortingsrepresentant i fire år.