Hopp til innhold

Fleire vart pågripne på Nordfjordeid i natt

Første kveld og natt er overstått for årets Malakoff. Politiet opplyser om at det har gått fint, men at tre menn er pågripne for besittelse av narkotika.

Politiet på plass på Malakoff

PÅ PLASS: Politiet var på plass under festivalnatta på Nordfjordeid.

Foto: NRK

På Nordfjordeid i natt, kan politiet melde om at tre menn vart pågripne. Dei hadde forskjellige typar av narkotika på seg . To av dei hasj, den tredje tablettar.

Seinare på natta vart ytterlegare to menn anmeldt for å ha narkotika på seg.

Også ein mann i 30 åra vart sett i drukkenskapsarrest på Eid etter at han hadde forsøkt å slå til ein polititjenestemann. Mannen var rusa og vert anmeldt for forholdet.

Det er ikkje kjent om dei er pågripne inne på festivalområdet, men operasjonsentralen til politiet seier det skal ha vore i samband med festivalen.

Utover det har politiet elles ingenting å melde frå festivalnatta.