Hopp til innhold

Nærast skadefri påske så langt

Med unntak av tre henteoppdrag har det så langt vore ei roleg påske for hjelpekorpsa i fjellet. Dette trass i eit høgt aktivitetsnivå.

Sogndalsdalen påskegrilling

PÅSKEGRILLING: I Sogndalsdalen var det yrande folkeliv langfredag då det lokale Røde Kors arrangerte den årlege påskegrillinga.

Foto: Vegard Orrestad / RØDE KORS

Røde Kors hjelpekorps hadde langfredag to henteoppdrag medan Norsk Folkehjelp berre hadde eitt.

– Skadane er ubetydelege, heldigvis. Det er ein unge som har forstua ei hand og ein har kanskje fått ein skade i skuldra, men elles er dei vel nøgde dei som har hatt påskevakta. Det vert meldt om stor utfart, seier vaktoperatør i Røde Kors hjelpekorps, Arne Løland, til NRK.

– Folk har sunn fornuft

Hos Norsk Folkehjelp har det førebels berre vore eit oppdrag, ei kvinne som hadde fått skuldra ut av ledd og som måtte hentast. Elles har dei brukt tida si på løypekøyring og andre aktivitetar med påsketuristane.

Dei siste dagane har det gått fleire skred lenger nord på Vestlandet. For tre dagar sidan vart fire personar funne omkomne etter eit snøskred i Sunndal i Møre og Romsdal. I går gjekk det eit nytt ras ved Storvasstinden på Sunnmøre. Denne gongen vart tre personar tekne av raset, men ingen vart skadde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Vaktoperatør hos Norsk Folkehjelp, Øystein Grindhaug, seier han trur folk har blitt flinkare til å tenkje tryggleik. Det er Løland samd i.

– Eg trur folk stort sett har god, sunn fornuft, så det er ikkje noko problem. Etter dei ulukkene som no har vore går det opp for folk at dei må ta meir omsyn.

–Ikkje stor skredfare

Og skredfaren er ikkje særleg merkbar i fylket, ifølgje dei to.

– Skredfaren er alltid til stades, men den er ikkje noko meir enn normal, seier Grindhaug.

– Vi er obs på skredfare heile tida og prøver å rettleie folk så godt vi kan, men det er ikkje spesielt stor fare no, nei, seier Løland.