Firda billag - TRAVELT: Både politi og ambulansepersonell hadde mykje å hengje fingrane i natt til 1. mai. - Foto: NRK-tipsar /

TRAVELT: Både politi og ambulansepersonell hadde mykje å hengje fingrane i natt til 1. mai.

Foto: NRK-tipsar

Mest rus og bråk i Sunnfjord

Om det skuldast justisminister Grete Faremo si vitjing i Sogndal, skal vere usagt. Men ei oppteljing i politiloggen syner at det var klart flest uromeldingar frå Sunnfjord-regionen natt til 1. mai.

Tel ein meldingar som går på rus, slåsting og bråk, så er det ti saker frå Sunnfjord, fire frå Sogn og fire frå Nordfjord.

Frå operasjonssentralen hjå Sogn og Fjordane politidistrikt, har dei ikkje noko meining om nattas logg er lang eller kort i høve tidlegare netter til 1. mai.

Slik var iallfall natta, fylket over:

KL 00.00 – Lekamskrenking Sanden i Naustdal.

Ein ung mann i tenåra vart sparka og slått til av fleire gjerningspersonar, ambulanse køyrde han til Sentralsjukehuset. Mannen vart ca kl 0200 utskriven frå sjukehuset. Saka blir etterforska av lensmannen i Førde.

KL 00.08 – Trafikk Florø

Politipatruljen stansa ein varebil i Florø sentrum, førar var ein eldre mann som vart køyrd til lege og seinare med ambulanse til sjukehus i Førde grunna sjukdom

KL 00.18 – Lekamskrenking Naustdal

2 unge menn var i slagsmål på Sanden i Naustdal, politipatrulje på staden fekk stansa slagsmålet og skilt ungdomane.

KL 00.27 – Rusa person Nordfjordeid

Politipatruljen vart sendt mot Idrettshallen på Eid. Ein ung mann som var rusa var til fare for seg sjølv då han hoppa ut i vegbanen framfor bilar. Politipatruljen fekk sendt ungdommen heim til eigen bustad.

KL 00.37 – Ordensuroing Sanden i Naustdal

Politiet sin innsatsleiar melder at det har vor mykje fyll og slagsmål på Sanden i Naustdal. Helsepersonell som var på staden har handsama fleire ungdomar som har fått slag og spark også mot hovudet. Politiet har starta etterforsking.

KL 00.48 – Lekamskrenking i Førde

Ein ung mann ringer nødnummer og opplyser at han vart angripen av fleire andre ungdomar, han vart slengt i bakken men kom seg vekk frå staden. Politipatrulje har snakka med ungdommen som vil vurdera å melde hendinga.

KL 00.56 – Ordensuroing Florø

Politiet fekk melding om mykje støy frå bustad i Florø, nabo får ikkje nattero.

KL 01.00 – Rusa mann, Nordfjordeid

Politiet fekk melding om at det låg ein rusa mann i rundkøyring ved Statoil. Mann var kledd i mørke kle. Politipatrulje tok hand om mannen og han kvikna til og kunne seinare gå heim for eigen maskin

Kl 01.05 – Ordensuroing skjenkestad i Måløy

Ein person forulempa og skapa mykje støy på serveringsstad i Måløy, mannen er no bortvist frå staden.

KL 01.11 – Rusa mann Sanden i Naustdal

Politipatrulje måtte ta hand om ung rusa mann på Sanden i Naustdal. Ungdommen var køyrd heim til eigen bustad.

KL 01.36 – Lekamskrenking i Høyanger

Ein mann vart slegen til på ein skjenkestad i Høyanger. Fornærma vil melde hendinga til lensmannen. Han vart ikkje skadd.

KL 02.04 – Slagsmål i Sogndal

Politiet fekk melding om slagsmål i Sogndal sentrum, ein person var slått til i hovudet. Politipatruljen melder at person ikkje var skadd, han vart køyrd heim til sin bustad. Lensmannen i Sogndal vil følgje opp saka.

KL 02.11 – Slagsmål i Førde

Melding om slagsmål i Førde sentrum. Ein yngre mann vart tildelt slag i hovudet og spark i ryggen. Politipatruljen fekk skildring av 2 gjerningspersonar og vil følgje opp hendinga.

KL 02.40 – Ulovleg Servering av mat i Sogndal sentrum

Politiet fekk melding om at ein serveringsstad i Sogndal var open etter kl 0200. KL 0240 stengde politipatruljen servering på staden av omsyn til naboar.

KL 03.29 – Rusa dame i Førde

Politiet fekk melding om at ei ung rusa dama låg i veggrøft i Førde sentrum. Helse og politipatrulje til staden. dama vart køyrd heim til eigen bustad.

KL 03.33 – Lekamskrenking i Florø

Melding om slagsmål i Florø sentrum. Ein ung mann måtte til legevakt for handsaming av skade. Politiet i Florø vil etterforske hending.

KL 03.57 – Ordensuroing privat stad i Høyanger

Politipatruljen måtte reise til ein privat bustad i Høyanger kommune. Ein mann i 20 åra hadde knust inventar på bustaden. Politipatruljen var på staden til situasjonen vart roleg, mannen vart teken hand om av familie.

Kl 04.00 – Trafikkontroll Sogndal

Politipatruljen har kontrollert 25 førarar opp mot rus og åtferd. Ingen reaksjonar.

KL 04.27 – Lekamskrenking i Naustdal

Politipatruljen i Førde vart kontakta av ung mann som tidlegare på natta hadde vore på Sanden i Naustdal. Her hadde ungdomen blitt slått ned av for han ukjende personar. Han hadde synlege merkar etter hendinga og vil truleg melde forholdet til politiet over helga.

Kl 04.45 – Trafikkontroll Førde og Naustdal

Politi i samarbeid med Statens vegvesen har måndag kveld og natt til tysdag hatt trafikkontroll med fokus på rus og åtferd i Førde og Naustdal. 200 førarar vart kontrollert. Ingen reaksjonar.

KL 06.02 – Rusa ungdom på Eid

Politiet fekk melding om berusa ungdom som sov på eit fortau på Eid. Meldar tok hand om guten og køyrde han til ein campingvogn der han skulle overnatte.

KL 06.28 – Lekamskrenking i Høyanger

Politiet fekk melding om lekamskrenking i Høyanger sentrum. Ein mann i 50 åra fekk seg eit slag i andletet av ein rusa ungdom. Mannen er råda til å søke lege og melde saka til lensmannen.

Fleire nyhende

I over eitt år har eit samla beredskaps-Noreg venta på den største omveltninga i politiet nokon gong. Framleis utan svar. Mange politidistrikt er føreslått nedlagt. I Sogn og Fjordane har ventetida ført til at folk har slutta.
Elektrikarar er blitt mangelvare. Berre dei neste åra vil det mangle opp mot 200 elektrikarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Den tørre, fine hausten har ført til fantastiske forhold for å jakte på nordlys også her på Vestlandet.
Men nordlyset er uforutsigbart, og du må vera ivrig viss du vil fange og forevige det.

Kvar er dette?

Kvar er dette - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her