Hopp til innhold

Motorsyklist til sjukehus etter kollisjon med bil i Sogndal

Ein MC-førar er sendt til sentralsjukehuset i Førde med brotskadar etter eit trafikkulukke i Sogndal. Bilføraren har fått førarkortet kverrsett.

Trafikkulukke i Sogndal

SKADD: Motorsyklisten er sendt til sjukehus med skader etter samanstøyten.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Ulukka skjedde utanfor Sogningen Storsenter. Politiet fekk meldinga klokka ti over elleve i dag.

– Ein MC og personbil har støytt saman, politi og ambulanse er no på staden, seier Per Rimmen ved operasjonssentralen i Florø.

Motorsykkelen er tyskregistrert. Då NRK var på staden fekk MC-føraren behandling av medisinsk personell i ambulansen.

Trafikkuhell i Sogndal

KOLLIDERTE: Førarkortet til bilføraren er kverrsett etter ulukka.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Tilstanden til motorsyklisten er enno ikkje kjend, men politiet i Sogndal opplyser at han er sendt til Førde for behandling. På Twitter melder politiet at føraren har fått brotskadar.

– Ulukka skjedde då personbilen kryssa vegen framfor motorsykkelen, då han skulle svinge av Gravensteinsgata til området bak kjøpesenteret, opplyser politibetjent Britt Brugrand ved Sogndal lensmannskontor.

Føraren av personbilen, ein mann i 70-åra, er mistenkt for å ha brote vikeplikta.

– Førarkortet til sjåføren er mellombels kverrsett, seier ho.

Trafikkulukke i Sogndal