Mopedgjeng plaga bubilturistar

Personane i ein tysk bubil vart terroriserte av ein mopedgjeng i tre-tida i natt.

På veg mellom Hermansverk og Leikanger kom fem mopedistar køyrande opp på sida av bubilen som var i fart, der mora dei seg mellom anna med å banke inn i sida.

Dei tyske turistane vart skremde og sinte. Dei ringde politiet samstundes som dei tok opp jakta på mopedførarane. Men då politiet kom fram hadde mopedførarane kome seg unna.

Politiet ser alvorleg på hendinga og vil gjerne ha tips om nokon kan tenke seg kven som står bak.

 

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.