– Eg er veldig overraska og veldig glad. Eg trudde ikkje eg skulle vinne, seier Moldestad til NRK.no.
- SJÅ:
Ho vart i kveld kåra til årets artist i fylket under Julelutt-konserten på Nordfjordeid.
Les og;
Vann også i 2007
Moldestad vart også kåra til den beste artisten i fylket i 2007.
– Det er kjekt at folk likar musikken min. Eg er heilt mållaus, og eg veit ikkje heilt kva eg skal seie.
- SJÅ
- SJÅ
Saman med Olav Stedje, Eva Weel Skram og Håvart Lote, utgjorde ho fylkesbandet som spelte fleire låtar for den fullsette operasalen på Eid.
Årets folkemusikar
Moldestad til årets folkemusikar i Norge, og vann også open klasse under Folkelarm. Med den kritikerroste plata Sandkorn har artisten frå Breim nådd ut til eit nytt og enno større publikum. Både nasjonalt og internasjonalt.
Den tidlegare spelemannsprisvinnaren fekk flest røyster frå folket, full støtte frå ein samstemt jury som årets artist i Sogn og Fjordane. Nærare 17 000 personar har stemt totalt.
Luttprisen er eit stipend frå Sparebanken Vest på 25 000 kroner og eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim