Ein mann er arrestert for vald mot to personar i Eikefjord i Flora kommune i natt. Den mistenkte valdsutøvaren, ein mann i 40-åra, er arrestert etter hendinga. Offera er ei kvinne i 40-åra og ein mann i 60-åra.
Mannen i 60-åra måtte til legevakt og få behandling for skadane han vart påført.
– Ein må karakterisere det som alvorleg når ein påfører ein person skader som gjer at han må få legehjelp, seier operasjonsleiar hjå politiet, Trond Hatlenes, til NRK.
Hatlenes opplyser at det er eit slektskapsforhold mellom dei involverte. Det var rus involvert i hendinga, og valdsutøvaren er ein kjenning av politiet.
– Vi har ikkje teke stilling til om mannen skal fengslast, han sit framleis i arresten her i Florø, opplyser politistasjonssjef Robert Veseth til NRK måndag ettermiddag.