Inge Kolseth - MELDER VEGVESENET: Inge Kolseth framfor huset sitt. Ei plate står framfor kjellarvindauget som blei knust. - Foto: Svanhild Breidalen/Fjordenes Tidende /

MELDER VEGVESENET: Inge Kolseth framfor huset sitt. Ei plate står framfor kjellarvindauget som blei knust.

Foto: Svanhild Breidalen/Fjordenes Tidende

Melder vegvesenet etter husskader

Inge Kolseth frå Leirgulen melder Statens vegvesen til politiet for sprengningsskader på huset sitt.

Kolseth seier til Fjordenes Tidende at huset hans har fått elleve sprekkar og knust vindauge.

– Mellom anna har uthuset fått så store skader at det truleg må rivast, seier han.

Redd for ungane

Han meiner skadane har kome som følgje av sprengingsarbeid i samband med den nye vegen gjennom bygda. Vegvesenet byggjer for tida ny veg mellom Kolset og Bortnen i Bremanger som ein del av Bremanger2-sambandet.

– Entreprenørane skulder på kvarandre når det gjeld kven som har ansvaret for dette. Eg sit att med spørsmåla og er like klok, seier Inge Kolseth til avisa

Kolseth meiner Statens vegvesen raskare må ta ansvar for skadane. I tillegg til sprekkane og knuste vindauge, meiner han at eit farleg området langs eigedommen må sikrast.

– Dei har lagd eit mange meter bratt stup rett utanfor huset mitt. Eg har mange ungar på besøk og er redd for at dei skal falle ned og slå seg.

Tek ein runde etterpå

Vegvesenet seier dei ikkje spring frå ansvaret, men har forståing for at Kolseth er lei av ulempene ved vegbygginga.

– Vi har sett opp eit gjerde ved terrassen og har bygd ny veg opp. Den er fem meter brei og ikkje farleg å køyre opp, seier ansvarleg for utbygginga, Susanne Svardal.

Ho seier at det før kvar sprengingsjobb, blir gjort ein analyse av byggja i nærleiken.

– Likevel kan det oppstå ting, og våre byggningskunnige vl difor ta ein runde etter arbeidet er over for å avgjere om eventuelle skader har kome som følgje av sprenging, seier ho.

Fleire nyhende

Den tørre, fine hausten har ført til fantastiske forhold for å jakte på nordlys også her på Vestlandet.
Men nordlyset er uforutsigbart, og du må vera ivrig viss du vil fange og forevige det.
Landbruket står for 10 prosent av klima-utsleppa i Norge. No skal forskarar finne ut korleis bøndene kan få best mogleg avlingar, samstundes som ein reduserer utsleppa til miljøet.
Bøndene fryktar gardsbruk vil ende opp som hytter og fritidseigedomar når regjeringa no vil fjerne bu- og driveplikta. Hos meklarane i eigedomsbransjen er dei derimot svært nøgde.

Kvar er dette?

Kvar er dette? - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her