Vegvesenet sine økonomiske reknestykke kan avgjere kva vegar som blir bygde her til lands. Regjeringa har òg sagt at utrekningar av samfunnsøkonomisk nytte skal vere eit av dei viktigaste kriteria for å kome inn i Nasjonal transportplan.
Derfor er det dårleg nytt for vegforkjemparar om prosjekta kjem dårleg ut.
Siste døme er Sogndal der Vegvesenet førre veke sa at tunnel under sentrum ikkje vil vere samfunnsøkonomisk lønsam.
– Prosjektet skårar dårleg på samfunnsøkonomi. Vegen blir jo like lang som før, sa senioringeniør Kjell Kvåle til NRK.
- LES OGSÅ: Skårar ikkje høgt på samfunnsøkonomi
- LES OGSÅ: Sogndalspakken møtt med massiv kritikk
Men plansjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune Svein Arne Skuggen Hoff meiner Vegvesenet sine analysar er så ufullstendige at dei ikkje kan brukast til å avgjere kva for vegar som er best å bygge.
– Det er inga samfunnsanalyse. Folk trur det er rekna på samfunnsøkonomien i vegprosjekt fordi Staten vegvesen kallar det for samfunnsøkonomiske analysar, men det er å gi feil inntrykk.
– Ufullstendige analysar
Skuggen Hoff påpeikar at viktige effektar som verdiskaping, arbeidsmarknad, miljø, helse og trafikktryggleik ikkje blir rekna på av Vegvesenet.
– Det er ei avgrensa analyse dei har gjort. Dei burde kalla det for ein transportøkonomisk, eller biløkonomisk analyse, fordi tala er knytt til kva det kostar å bygge og kva tid bilane sparar.
– Kan vere misvisande
Statens vegvesen vedgår at Skuggen Hoff har viktige poeng.
Senioringeniør Kjell Kvåle seier at omgrepet samfunnsøkonomisk lønsemd kan vere misvisande. Det er Finansdepartementet som har bestemt korleis utrekningane skal gjerast.
– Eg følgjer han langt på veg i at omgrepet kan vere noko misvisande. Reknestykka vi utfører er stort sett transportøkonomiske analysar, med islett av andre ting som trafikkulukker og miljøkonsekvensar.
Trass kritikken hevdar Kvåle dei er varsame med å presentere reknestykka som ei fullstendig samfunnsøkonomisk vurdering. Men forsvarar likevel at dei brukar omgrepet.
– Det stammar litt frå retningslinene som vi får frå Samferdsledepartementet, men det er jo likevel mykje anna enn desse tala som blir vektlagt i den politiske prosessen.
Saknar gode tal i E39-striden
I E39 striden i Nordfjord vart Vegvesenet sine reknestykke lagt stor vekt på i debatten. Indre line med bru i Stryn vart valt framfor bru mellom Anda og Lote og over Voldsfjorden. Skuggen Hoff saknar djupare analysar av ringverknadane.
– Eg har enno ikkje sett andre analysar av fjordkryssinga i Nordfjord enn sjølve bilrekneskapen. Ingen analysar gjekk på verdiskaping eller andre typar samfunnseffektar, som til dømes å knyte saman Nordfjordeid og Sandane.
- LES OGSÅ: Mest lønsamt med bru Anda-Lote
- LES OGSÅ: Indre line mest lønsam
Skuggen Hoff fryktar at avgrensa analysar, og lite presise omgrep øydelegg for ein skikkeleg samfunnsdebatt.
– Vegtrafikk bind opp enormt mykje pengar, pengane blir brukt feil om vegane ikkje skal løyse noko meir enn eit fåtal av samfunnsutfordringane.