Hopp til innhold

– Scorar ikkje høgt på samfunnsøkonomi

Sogndalspakken har liten samfunnsøkonomisk nytte. Det kan gjere vegen fram til realisering lang og kronglete. For lønsemd er det viktigaste kriteriet for å kome med i Nasjonal transportplan.

Bru over Sogndalselvi

NY BRU: Ei gangbru over Sogndalselvi er ikkje med i fjordstien i dag, men kan bli ein realitet dersom Sogndalspakken får gjennomslag.

Foto: Falkeblikk/Stiv kuling / Sogndal kommune

Ikkje berre verkar innbyggjarane lunkne til å leggje riksvegen i eit miljølokk under sentrum. No seier Kjell Kvåle i Statens vegvesen at prosjektet ikkje møter det viktigaste kriteriet for å kome med i Nasjonal transportplan.

– Sogndalspakken scorar ikkje høgt når det gjeld samfunnsøkonomi, seier han.

Sogndalspakka

SOGNDALSPAKKEN: Dette er dei prosjekta som førebels er med i Sogndalspakka: 1. Miljølokk gjennom sentrum, 2: Vidareføring av Fjordstien, 3: Bru over Sogndalselvi, 4: Gang- og sykkelveg til Loftesnesbrua, 5: Oppgradert veg over Kvåle, mellom Fjærlandsvegen og Dalavegen, 6: Ein ny veg som knyter bustadfeltet på Navarsete med fylkesvegen til Luster.

Foto: Illustrasjon / Sogndal kommune

Vanskeleg å nå opp

Onsdag la vegvesenet og kommunen fram planane for Sogndalspakken.

Prosjektet vil koste 600 millionar. Målet er å fjerne biltrafikken frå sentrum og gjere livet lettare for gåande og syklande. Men for å nå opp i kampen om dei nasjonale løyvingane, betyr det lite.

Kjell Kvåle

VEGVESENET: Kjell Kvåle

Foto: André Marton Pedersen / NRK

– Vi går først og fremst for dei vegprosjekta som gir raskare og kortare veg for trafikantane. Gravensteinsvegen og riksvegen blir akkurat like lang som før, seier Kvåle.

PowerPoint-presentasjon

MJUKE TRAFIKANTAR: Eit viktig mål med Sogndalspakken er å gjere det lettare for gåande og syklande å ta seg rundt i bygda. Her er ei skisse over korleis det kan løysast langs riksvegen mellom kulturhuset og Loftesnesbrua.

Foto: Illustrasjon av gang- og sykkelveg / Sogndal kommune

Framleis mogleg å nå opp

Nasjonal transportplan (NTP) er grunnlaget for prioriteringane til regjeringa. Neste periode skal gjelde i perioden 2018-2029, men allereie 29. februar skal fagetatane sende sine forslag til kva prosjekt som får støtte.

Laura Kvamme

VARAORDFØRAR: Laura Kvamme

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Difor må Sogndalspakken vedtakast før nyttår, om prosjektet skal få støtte. Varaordførar i Sogndal, Laura Kvamme, innser at dei har ein jobb å gjere for å overtyde vegmyndigheitene og regjeringa om at prosjektet er verdt å satse på.

– Det blir ei utfordring, men utfordringar er jo til for å løysast, seier ho.

Skisse av miljølokk

MILJØLOKK: Den endelege løysinga er enno ikkje klar, men dette er i grove trekk slik Vegvesenet ser for seg miljølokket gjennom sentrum.

Foto: Skisse av det såkalla optimaliserte alternativet / Norconsult

Politikarane i Sogndal vil bruke argument om den auka trafikkmengda når ny trasé over Hemsedal og bru over Mannheller-Fodnes ein gong vil kome, og om at ein riksveg gjennom sentrum hindrar god utvikling av tettstaden.

Kjell Kvåle i vegvesenet seier det blir ein hard kamp, men at manglande lønsemd ikkje betyr at kampen er tapt før den har byrja.

– Historia er rik på eksempel på prosjekt som har nådd opp, sjølv om dei ligg på minussida når det gjeld samfunnsøkonomi, seier han.