Dei køyrer milevis kvar dag. Og etter lange dagar i bilen må tungtransportsjåførane ta si lovpålagde kviletid. I Sogn og Fjordane er det få plassar der sjåførane kan stille seg opp. På Esso-stasjonen på Skei møter vi ein av dei mange som dagleg jaktar ein stad å kvile.
– Det er for lite parkeringsplassar, det er alt for dårleg. Må jo leggast opp for køyre- og kviletid, og skal ein få utnytta dagen så må ein finne plass. Men kjem ein for seint så er det som regel fullt, seier tankbilsjåfør Ivar Rønning til NRK.
– Må bryte køyre- og kviletida
Lenger nord i fylket kjem fylkesleiar Rolf Olav Tenden i Lastebileigarforbundet køyrande ut av sist tunnelen på Strynefjellet. På turen vestover frå Oslo har han og kollegaene få sjansar til å stoppe på ein døgnkvileplass.
– Dette er jo nesten uverdige forhold for ein sjåfør som skal leve på vegen. Det seier seg sjølv at etter ni timar så er det enkelte ting du er nøydd for å ha. Ein må bryte køyre- og kviletid for å kome til eigna plassar der ein kan stå. Sjåføren blir bøtelagt for å finne ein lovleg plass, seier Tenden.
Meiner ansvaret er delt
Olav Terje Hove i Statens vegvesen skulle ønskje at ein kunne tilby fleire kvileplassar, men han meiner at det ikkje berre er vegvesenet sitt ansvar.
– Både transportørar og produsentar har ansvar for å leggje til rette for at det er gode forhold for sjåførane til å avvikle kviletidene, meiner Hove.
– Må ta det på alvor
Rolf Olav Tenden i Lastebileigarforbundet tek noko sjølvkritikk for at næringa ikkje har sett tilstrekkeleg fokus på dette før.
– Det er kanskje litt vår eigen feil at vi i næringa ikkje har vore flinke nok til å leggje til rette for sjåførane. Men skal vi klare å rekruttere og skal vi klare å halde på dei gode sjåførane vi har så er vi nøydde for å ta dette på alvor, meiner Tenden.