Hopp til innhold

No ligg Miljøpartiet De Grønne an til å ta utjamningsmandatet

Miljøpartiet De Grønne ligg an til å ta utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane.

Tor Øyvind Westbye

KAN SMILE: Tor Øyvind Westbye i MDG ligg an til å kapre utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane.

Foto: Marie Sandli

Stortingskandidat for MDG, Tor Øyvind Westbye tykkjer det er stas at han kanskje kan sikre seg ein stortingsplass i år.

– Eg tykkjer det er veldig spennande å sjå at det er fleire målingar som syner at eg ligg an til å få den plassen. Det blir interessant å sjå kva resultatet vert til slutt, seier Westbye.

Er eit stykke fram

Det er nettstaden pollofpolls.no som har rekna ut dette. Dei har basert berekningane sine på dei to siste stortingsmålingane frå VG og Vårt Land.

– Kor sikker er du på at det går vegen?

– Eg er ikkje sikker i det heile. Det er framleis meir sannsynleg at eg ikkje får plassen, enn at eg får han. Det har mykje å gjere med at det er mange andre parti som er med i kampen, seier Westbye.

Viss både Venstre og Kristeleg Folkeparti kjem over sperregrensa, så er også dei med i kampen om utjamningsmandatet.

Er overraska over så tidlege resultat

Miljøpartiet De Grønne har gjort svært gode målingar i haust.

– Det har vi. Eg er litt overraska over at vi fekk såpass gode målingar, så tidleg i valkampen. Eg hadde kanskje venta at vi kunne sjå målingar over sperregrensa mot slutten av valkampen, men det var artig å sjå at vi ligg så godt an allereie no, seier Westbye.

Han trur det er fleire årsaker til at partiet seglar i medvind for tida.

– Eg trur vi har eit godt valkampapparat som gjer ein god jobb i heile landet. Det er mange frivillige og engasjerte grøne folk over alt som er med i debattar og deler ut flygeblad, og gjer sitt til at partiet kan gjere det godt i valet, seier Westbye.