Hopp til innhold

MC-førar lettare skadd i krasj på fjellet

Ein MC-førar i 70-åra kom frå det med lettare skader etter ei trafikkulykke på riksveg 52 på Hemsedalsfjellet.

MC-ulykke på Hemsedalsfjellet

TIL SJUKEHUS: Ein motorsykkelførar er sendt til sjukehus etter ulukka ved Breistølen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Alle naudetatane rykte då meldinga om ei alvorleg motorsykkelulukke ved Breistølen i Lærdal kom inn klokka 12.55.

Luftambulansen frå Ål i Hallingdal kom raskt til staden og henta ut den skadde MC-føraren. Ifølgje AMK-sentralen i Helse Førde vart den skadde frakta til Ringerike sykehus på Hønefoss.

– Pasienten skal vere i fin form og er lagt inn til observasjon, opplyser informasjonsavdelinga ved Vestre Vike helseføretak klokka 17.40.

Operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser ingen andre køyretøy var direkte involvert i hendinga.

Etter det NRK.no kjenner til, er det på det reine at motorsykkelen har fått skrens, vore borte i rekkverket, før den traff ein bil i sida.

Ulykka førte til lange køar i begge retningar på den sterkt trafikkerte riksvegen mellom Borgund og Hemsedal.

Ved 14.40-tida starta ein med å sleppe gjennom trafikken i retning aust. Klokka 15.30 melde Vegtrafikksentralen i Lærdal at vegen er opna for normal trafikk.

Lange køar Hemsedal

LANGE KØAR: Det danna seg lange køar i området der ulukka skjedde.

Foto: Truls Kleiven / NRK
Breistølen

Saka vert oppdatert!