Hopp til innhold

Gjer seg klar til ti forestillingar på 13 dagar

På Opera Nordfjord er stemninga til å ta å føle på før premieren på Flaggermusen. I løpet av 13 dagar skal ti forestillingar gjennomførast. Det gir nesten 5000 publikummarar sjansen til å sjå stykket.

– Vi gler oss veldig. Dette er stort, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Ho lovar at alle som tek turen for å sjå forestillinga, kjem til å bli rørt på eitt eller anna vis.

– Eg garanterer at du anten har ledd eller gråte under forstillinga. Det er ikkje mogleg å vere urørt av denn framsyninga, seier Pavelich.

Fleire lokale på scena

Flaggermusen er skriven av Johann Strauss d.y. Framsyninga på Opera Nordfjord byr på eit solistlag av første klasse, med mellom anna Kari Postma, Jan Erik Fillan og Vibeke Kristensen i hovudrollene. Men det er også lokale medverkande med i oppsetjinga.

Mellom dei er Elisabeth Gimmestad frå Gloppen, Simon Standal Pavelich frå Eid, Ane Jørgine Frøyen frå Bremanger, Jonas Pedersen Øren frå Høyanger og Magnus Emaka Einang frå Sandshamn.

(Artikkelen held fram under videoen)

På Opera Nordfjord er stemninga til å ta å føle på før premieren på Flaggermusen. I løpet av 13 dagar skal ti forestillingar gjennomførast. Det gir nesten 5000 publikummarar sjansen til å sjå stykket.

HØGE TONAR: Framsyninga på Opera Nordfjord byr på eit solistlag av første klasse.

Og kulissar og mange av dei flotte kostyma, er det lokale sydamer og snikkarar som står for.

– Vi har lysekroner laga av lærarar og elevar på skulen her, og fantastiske kostymer og kulissar som flinke dugnadsfolk har stått for, seier Pavelich.

Meir enn 13.000 dugnadstimar

Ho har ikkje rekna over kor mange dugnadstimar som har vorte lagt ned, men trur garantert at talet blir minst like høgt som i fjor.

– Då runda vi 13.000 timar, og det blir ikkje mindre i år. Folk er her frå tidleg morgon til seine kvelden. Dei gjer ein fantastisk innsats, seier Pavelich.

Ho legg til at utan innsatsen frå dei mange frivillige, kunne ikkje Opera Nordfjord sett opp denne type oppsetjingar.

– Eg er så glad i, og stolt av alle som bidreg med så mykje, seier Pavelich.

Ho legg til at også dei som er hyra inn og får betalt for jobben dei gjer, gjer ein fantstisk innsats.

– Det er ein heldig kombinasjon av dyktige folk. Alle veit kva dei vil ha, og då vert det bra, seier Pavelich.

(Artikkelen held fram under videoen)

På Opera Nordfjord er stemninga til å ta å føle på før premieren på Flaggermusen. I løpet av 13 dagar skal ti forestillingar gjennomførast. Det gir nesten 5000 publikummarar sjansen til å sjå stykket.

SMINKEROMMET: Siste finpuss før dei skal i gong med ti forestillingar på 13 dagar.

Nesten 5000 har moglegheita

Tysdag er det premiere, og Pavelich kjenner på nervane. Men ho er klar på at alt er i rute.

– Vi er der vi skal vere. Det er litt småflikking att, men alt er som det skal, seier Pavelich.

Operahuset tek 490 publikummarar, og med ti forestillingar, kan nesten 5000 personar få sett Flaggermusen, viss dei vil.

– Eg er veldig spent på om vi klarar å fylle. Det blir spennande å sjå, seier operasjefen.

Budsjettet på framsyninga ligg på om lag 4,3 millionar kroner, noko som er 400.000 mindre enn Tryllefløyten.

– Men det skuldast at dette er eit samarbeidbeidsprosjekt med Kristiansund Opera, seier Pavelich.

På Opera Nordfjord er stemninga til å ta å føle på før premieren på Flaggermusen. I løpet av 13 dagar skal ti forestillingar gjennomførast. Det gir nesten 5000 publikummarar sjansen til å sjå stykket.

BACKSTAGE: Meir enn 13.000 dugnadstimar er lagt ned for Flaggermusen.