Ein traktor køyrde utfor vegen og hamna langt ned i ein skrent. Både politi, ambulanse og luftambulanse drog til staden.
– Det viste seg at førar av traktor hadde forulukka som ei følge av hendinga. Årsaka til hendinga er ikkje kjend, opplyser politiet måndag ettermiddag.
Arbeidstilsynet er varsla, og forholdet vert vidare etterforska av Førde lensmannskontor.
Etter det NRK kjenner til vart mannen oppdaga av forbipasserande som såg at traktoren låg nede i ei skråning på garden.