Hopp til innhold

Mann dømd for valdtekt av sovande kvinne

Ein sogning i 20-åra må sone tre år i fengsel etter overgrep mot ei kvinne.

Fjordane tingrett

VALDTEKT: Ein mann i 20-åra er i Fjordane tingrett dømd for valdtekt.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Valdtekta skjedde i fjor sommar. Den fornærma tok imot to meldingar frå den tiltalte ei tid før hendinga, men skal ikkje ha kjent den tiltalte meir enn at dei var vener på Facebook. Den fornærma kvinna og mannen hamna på same nachspiel etter å ha møtast tilfeldig i ein bar.

Gav kvinne valium

På nachspielet forklarte kvinna til tiltalte at ho følte seg svært rusa. Mannen gav kvinne ein tablett, som vart opplyst å vere Valium, men han forklarte henne at det var ein tablett som skulle gjere ho meir edru.

Fornærma og tiltalte gjekk etter ei stund inn på eit soverom. Han som budde i huset var ukomfortabel med at tiltalte var med fornærma i den tilstanden ho var i og bad han forlate nachspielet.

Både tiltalte og fornærma vart sidan køyrt til ein annan bustad der dei la seg i same seng. Fornærma skal ha sagt til tiltalte at ho var svært trøytt og sa frå om at ho ikkje ville ha sex med han.

Erkjende seg ikkje skuldig

Kvinne skal så ha sovna. Mannen avviste overgrep, men erkjende intimitet med kvinna. Han sa dette var frivillig, men retten festa lit til fornærma og vitne sine forklaringar.

Fjordane tingrett har no dømd mannen til tre års fengsel. Til frådrag i fengselsstraffa kjem tre dagar i varetekt. Mannen må også betale erstatningar til kvinne på til saman nesten 345.000 kroner.

Sogningen er også dømd fleire gonger tidlegare for ei rekkje vinnings- og narkotikalovbrot .