Det vart ikkje sagt eitt ord under minnemarkeringa i Årdal i dag.
Flagget hang på halv stong utanfor rådhuset. Folk stod stille og såg korleis 1000-årssteinen vart fylt med lys og blomar.
På denne dagen i fjor vart Margaret Molland Sanden frå Årdal, bussjåfør Arve Kvernhaug frå Bagn i Valdres og svenske Brahim Khouya drepne av ein asylsøkjar på Valdresekspressen.
Markeringa starta klokka 16:25, som var tidspunktet då bussen forlèt bygda.
- LES OGSÅ:
– Ei sterk markering
– Dette var ei markering som vi hadde planlagt saman med dei pårørande, seier ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.
Han fortel at det var gripande å delta på minnemarkeringa.
– Det var mykje folk som møtte fram framfor rådhuset. Det var sterkt, og tankane gjekk tilbake til det som skjedde for eitt år sidan. Men eg tykte det var ei fin markering, seier Lægreid.
Etter markeringa framfor rådhuset vart det halde ei minnemarkering i kyrkja på Årdalstangen.
– Det var ei flott minnestund med song og minneord for dei tre som vart drepne. Det var ei flott markering, seier Lægreid.
- LES OGSÅ: