Hopp til innhold

Dømd til å betale 300.000 kr til forsikringsselskap etter brann

Sogn tingrett har dømt ein mann i 30-åra til å betale 300.000 kroner til forsikringsselskapet Gjensidige etter ein brann i husværet hans.

Sogn tingrett
Foto: Arve Uglum / NRK

I tillegg er mannen dømd til 45 timars samfunnsstraff, subsidiært 45 dagar i fengsel, ei bot på 3000 kroner og 15 månader utan førarkort for fleire lovbrot.

I mars i fjor tok det til å brenne i husværet hans då han hadde lete ein skinnsofa dekt med kle stå for nær ein vedomn. Det vart store brannskadar i kjellaretasjen i huset.

Gjensidige kravde å få tilbakebetalt vel 845.000 kroner frå mannen, men Sogn tingrett reduserte dette til 300.000 kroner.

Mannen er og funnen skuldig i å ha køyrt bil i narkorus og for å ha skaffa seg og brukt narkotiske stoff.