Hopp til innhold

Lutelandet Offshore i gang neste år

Lutelandet Offshore AS reknar med å vere i gang med produksjonen om eitt år, og om to år er det 40 til 60 arbeidsplassar.

Adm. dir. Tor Gjertsen i Lutelandet Offshore AS

Adm. dir. Tor Gjertsen presnterte planane til Lutelandet Offshore.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fredag vart planane til selskapet presenterte på ein pressekonferanse i Dale.

Vindmøller og oljeriggar

Lutelandet Offshore skal montere og vedlikehalde havvindmøller, vedlikehalde oljeriggar og hogge opp utrangerte oljeinstallasjonar.

Selskapet vart stifta 1. september med Tor Gjertsen som administrerande direktør. Det er eigd av selskapet Helldal & Co i Bergen og av Tor Gjertsen.

Gjertsen seier dei tek sikte på å ha mellom 40 og 60 tilsette i 2011.

– Vi kjem til å trenge folk innan alle industrifaga i tillegg til forpleining og maritime fag.,

Neste sommar

Avtalen med Lutelandet Eigedom AS inneber at Lutelandet Offshore AS skal leige kai og industriområde. Anlegget skal vere klart til bruk neste sommar.

Artikkelen held fram under biletet.

Planane for Lutelandet Offshore AS

Slik skal anlegget på Lutelandet ta seg ut når det er ferdig.

Foto: llof.no

Ordførar Arve Helle i Fjaler er full av lovord.

– Gjennombrot

– Dette kan ikkje samanliknast med noko av det vi har vore borti før. Dette er heilt konkrete planar, og for meg er det eit verkeleg gjennombrot i arbeidet med å få til industriutvikling på Lutelandet.

– Kva betyr 40 til 60 arbeidsplassar for Fjaler og Sogn og Fjordane?

– Det er enormt viktig for både Fjaler og HAFS-regionen og heile fylket. vi slit med nedgang i folketalet i denne regionen, og dette prosjektet er vi overtydde om skal vere med å snu trenden. Så dette har vi store forventningar til.

– Fulle av entusiasme

Styreleiar Jan Balstad i Lutelandet Eigedom, Jan Balstad, har godt tru på planane.

– Selskapet får no sjansen framover til å utvikle forretningsideen sin. Dersom dei lukkast, og det trur eg, for dei er fulle av entusiasme, så er vi for alvor i gang med å omskape denne øya ute i havgapet til eit næringsområde.

– Konkurrerer ikkje med Florø

Balstad presiserer at det ikkje er snakk om å gå oljebasen i Florø i næringa.

– Det blir anna verksemd enn i Florø, men sidan det er i offshoremarknaden kan det vere visse berøringspunkt, men eg håpar vi ikkje kjem i noko konkurranseforhold.