Hopp til innhold

Endeleg kunne Christina kome heim

Ei smilande og blid Christina kom i dag heim til Sogndal, og vart teke imot av personale frå Melås AS. Dermed har det iallefall førebels blitt ei god løysing på den tøffe konflikta.

Christina Flåten ambulanse

KOM HEIM: Christina Flåten vart i dag køyrd frå Førde til Sogndal i ambulanse. Der stod folk frå Melås AS og tok imot jenta.

Foto: Arve Uglum / arkiv / NRK

Etter at NRK fortalde om situasjonen for Christina 18. april, har merksemda vore stor kring skjebnen til den 17 år gamle jenta frå Sogndal.

I tillegg til å vere døv, har jenta utivkla ein mystisk sjukdom som krev at ho får tett oppfølgjing og omsorg 24 timar i døgnet.

Inn i nytt system

Etter lange og tøffe forhandlingar, og press både frå familien, ekspertar og politikarar i Sogndal, vart partane sist fredag samde om ein avtale.

Denne sikrar at den private omsorgsverksemda Melås AS skal ha ansvaret for Christina framover. Dette er i tråd med familien sitt sterke ønskje.

– Det er veldig sterkt å sjå at ho kjem frå sjukehuset i ein ambulanse, men samstundes så skal vi no kome inn i Melås sitt system og det er vi jo veldig glade for. Det blir veldig spennande å sjå korleis det kan verke for Christina framover. Vi trur jo at det må tolmod til, saman med den behandlinga Melås har sett opp og som vi har veldig stor tru på, fortel far til Christina, Frank Flåten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christina-saka

TRASS ALT NØGDE: Frank Flåten og Ann Sigrid Hjellhaug er nøgde med at dottera no har fått eit privat omsorgs- og behandlingstilbod gjennom Melås AS.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Usikker på kontrakten

Han fortel at det har vore ein svært tøff periode for familien, men at dei på ingen måte angrar på at dei stod fram med si historie.

Dei meiner at presset på kommunen no har ført til ei løysing. Han er likevel skeptisk, og seier at han i liten grad stolar på at kommunen vil la Melås gjere jobben på lang sikt, men at han vonar på det beste.

– Dette er ein kontrakt som kan seiast opp gjensidig med tre månader varsel begge vegar. Det legg ein liten dempar på denne dagen. Sogndal kommune har sjølv sagt og skrive at ein treng to til tre år berre for å bli kjend med Christina då ho var i deira system. No vonar vi verkeleg at folk tek ansvar og er vaksne og let Christina få den tida ho treng for å bli frisk i systemet til Melås, sler far Frank fast.

Video e96a2a00-fd92-498c-812b-613a9b2117fd.jpg

Den første TV-saka om Christina 18. april.

Optimistisk familie

Ei rekkje fagpersonar frå Melås AS stod klar til å ta imot Christina då ho kom til omsorgsbustaden familien leiger i Sogndal sentrum i ettermiddag. Psykolog Per Steinar Melås er sjølv på jobbreise til Sør-Afrika, og har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i dag.

Per Steinar Melås

ANSVARLEG: Per Steinar Melås

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det var ei veldig blid Christina som kom att i dag, og ho var jo litt førebudd på dette her. Eg trur heilt klart at det har noko med det å gjere at ho er optimistisk og vonar, trur og føler at ho endeleg kan få den hjelpen ho treng, smiler Frank Flåten.

Vonar dei hjelpe andre

Etter at familien stod fram på TV, radio og nett i NRK med si historie, har telefonar, epostar og meldingar strøyma inn både til mor og far til Christina.

Christina Flåten heim

VEL HEIME: Christina Flåten kom heim til Sogndal i dag ved hjelp av ambulansefolk frå Helse Førde.

Foto: Arve Uglum / NRK

Frå heile landet høyrer dei no om liknande historier om familiar som kjempar mot kommunale vindmøller for å gje ungane sine eit best mogleg tilbod.

– Vi vonar jo at dette her og kan gjere til at andre brukarar som er i tilsvarande situasjon no får hjelp, og at ansvarlege snur kvar ein stein i sitt system og får gjort dei endringane som skal til. Slik at andre brukarar kan få ein forandring i sin situasjon, konkluderer Flåten.

Sogndal kommune har så langt i dag ikkje gjeve nokon kommentar til at det no er ei funne ei løysing for den sterkt hjelpetrengande jenta.