Hopp til innhold

Lokalpatriot får strålande kritikk

Linda Gytri får strålande kritikk for si andre plate, «Audire». – Lyden er fantastisk god. Det er nett som å få dei inn i stova, rosar musikkmeldar Sindre Bremnes i bladet Folkemusikk.

Linda Gytri trio

TRIO: Linda Gytri har fått med seg finske Timo Alakotila og telemarkingen Anders Bitustøyl på hennar andre plate, Audire. Produksjonen for ros for å vekkje kjensler. – Diktaren Olav H. Hauge sa det så fint. Det er ikkje fela som spelar, det er sjela. Og det er sant, seier ho.

Foto: Pressefoto

Som på debutplata «Umbra» (2012) har Linda Gytri skrive forteljingar til musikken, men på «Audire» har trekkspelarinna frå Oldedalen fått med seg Timo Alakotila på piano og Anders Bitustøyl på kontrabass.

Sindre Bremnes likar det han høyrer.

– Dette er moderne og tidlaus musikk. Det er ein veldig, veldig sterk utgjevnad, seier musikkmeldaren.

Vil ikkje setje i bås

Bremnes vil ikkje sette produksjonen i musikalsk bås, men meiner plata bør vekkje interesse hos alle som er glad i musikk.

– Det er 14 komposisjonar av ypparste merke. Dei er gjennomkomponert på ein uvanleg måte for folkemusikksjangeren, seier han.

Bremnes meiner plata ikkje manglar noko og er spesielt imponert over lyden.

– Det er ei veldig naturleg klingande plate. Det er som å få dei inn i stova, noko som er veldig hyggeleg i våre dagar der det etter mi meining blir gjort for mykje rart i studio, seier han.

Lokalpatriot

I motsetnad til impulsinnspelinga på solalbumet, er «Audire» spelt inn over fire dagar hos Lærdal Musikkproduksjon. Produsent er Irene Tillung frå Voss.

– Eg er lokalpatriot på min hals og tykkjer det er kjekt å lage musikken i Sogn og Fjordane, seier artisten. Ho er storveges nøgd med meldinga til Bremnes.

Låten «Svarvesol» er allereie spelelista hos NRK Sogn og Fjordane.

– Det er som eg får behov for å trekke pusten og ta meg ein tur i skogen for å komme ned att på jorda, seier ho om meldinga.

Blanda kjensler

Gytri er spesielt glad for å ikkje bli plassert i bås.

– Mange har behov for å setje musikk i bås, men han dreg fram at musikken er sjangerfri. Det er kjekt, seier ho og vedgår at har litt blanda kjensler no som plata er sleppt og kritikarane skal kaste sine auge på den.

– Som musikar legg ein liksom hjartet ut til dissekering når vi publiserer musikken. Musikk er personleg, og ein legg sjela i den. Men eg håpar det går fint, seier ho.