Hopp til innhold

Legg vekk sak etter overfall på ambulansestasjonen i Stryn

Politiet legg vekk saka mot den ambulansetilsette i Stryn som var mistenkt for falsk politimelding.

Ambulansestasjonen i Stryn

LEGG VEKK SAKA: I november kom det melding om at ein kvinneleg ambulansearbeidar blei overfallen på jobb. No er saka lagt vekk.

Foto: Arne Vik

Det var natt til 11. november i fjor at ein ambulansetilsett melde frå til politiet at ho var overfallen og påført knivskadar inne på ambulansestasjonen i Stryn.

Politiadvokat Anette Stegegjerde Norberg seier saka vert lagt vekk på grunn av manglande bevis i saka.

– Vi har etterforska om det har vore ei falsk melding til politiet. Vi har etterforska for og imot ein slik teori gjennom vitneavhøyr og prøvd å hente inn opplysingar. Ein har kome fram til at gjennom det strenge beviskravet som er i straffesaker, så var det ikkje bevis nok til å kunne tiltale nokon for falsk politimelding, seier ho til NRK.no.

Mann var sikta

Etter det påståtte overfallet i haust sette politiet inn store ressursar fordi dei såg svært alvorleg på saka. Norberg seier dei dreiv ei grundig og god etterforsking. Fleire personar blei sjekka i saka og ein mann blei pågripen og sikta.

I mars kom politiet fram til mannen ikkje stod bak overfallet og la vekk saka mot han.

– Politiet såg han som uskuldig og la difor vekk saka, seier ho.

Meinte det var grunn til mistanke

I samband med dette og dei opplysningane politiet hadde, meinte politiet at det var skjellig grunn til mistanke om at det låg til grunn ein falsk politimelding.

– Dette har blitt etterforska av politiet i Stryn ei stund, men er no lagt vekt på grunn av manglande bevis.

– Trur politiet at kvinna sjølv har påført skadane?

– Det kan eg ikkje spekulere i. Det er etterforska om det kunne vere ei falsk melding. Då skal det vere bevisst utover ein kvar rimeleg tvil at så er tilfelle. Det har vi avgjort i dag at ikkje var grunnlag nok for, seier ho.

Kommunikasjonssjef i Helse Førde Bernt Ove Flekke seier den ambulansetilsette per dags dato er tilsett i Helse Førde, og ønskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare.