Hopp til innhold

Sjåføren krabba uskadd ut av denne

Ein lastebil med hengar velta like før klokka 19.00 på E39 ved Birkeland mellom Vadheim og Sande. Sjåføren av bilen skal ha komme uskadd frå hendinga.

Hamna utfor vegen

USKADD: Sjåføren skal ha komme uskadd frå velten.

Foto: Kari Mette Vik / NRK

– Vi fekk melding like før klokka 19 om at ein lastebil med hengar hadde velta. Bilen var lasta med stein, og velta utfor vegen, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Odd Arve Solvåg.

Både politi, brannvesen og ambulanse rykte ut til meldinga om at eit større køyretøy hadde velta på E39 i området der det går føre seg vegarbeid mellom Sande og Vadheim.

Lastebilen ligg på Birkeland, om lag ein kilometer frå Sande sentrum, i retning Vadheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Semitrailer velta på E39

OPP NED: Semitraileren hamna utanfor vegbana då han velta.

Foto: Kari Mette Vik / NRK

Sjåføren skal vere uskadd

Politiet har ikkje avhøyrt sjåføren endå, men han skal ha komme uskadd frå hendinga.

– Han var medviten og ute av bilen, og det er det vi veit, seier Solvåg.

Truleg skuldast ulykka at bilen har komme litt for langt ut på sida av vegen med to hjul, og dermed velta ned på ei mark like attmed vegen.

– Det er sannsynleg å tru at det er det som er årsaka, utan at vi kan seie det sikkert, seier Solvåg.

Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla om hendinga. Vegtrafikksentralen opplyser at vegen er open for fri ferdsle.

Det er uvisst om køyretøyet vert fjerna i kveld.

– Det har vi ikkje opplysningar om endå, seier Solvåg.

Årbergsdalen