Hopp til innhold

Lars Lefdal vann fotballtippinga

For andre året på rad vann Lars Lefdal frå Leikanger fotballtippinga til NRK Sogn og Fjordane. Han får eit reisegåvekort på 5.000 kroner.

Lefdal hadde eitt poeng meir enn Kjetil Fristad og Geir Inge Rake som kom på andreplass.

I alt deltok 373 tipparar i årets konkurranse.

Samanlagt etter 22 rundar:

86 poeng: Lars Lefdal.

85 poeng: Kjetil Fristad og Geir Inge Rake.

83 poeng: Ulf Menes, Steinar Langedal, Ottar Refvik, Jon Kåre Lundestad og Janne Grethe Ulvik Fristad.

82 poeng: Kristian Systad og Jonny Bolset.

81 poeng: Mikael Berg.

80 poeng: Leiv Rune Kjærvik og Birger Sæten.

79 poeng: Hans-Petter Gilleshammer og Frode Berge Alme.

78 poeng: Toril Berg og Helge Grimsland.

77 poeng: Stig Høynes, Sander Berg og Oddmund Tormodset.

76 poeng: Erik Brendefur.

75 poeng: Roy Os, Lars Tore Støldal, Kirsten Erdal, Jon Rauset, Jarle Sognnes og Idar J. Skogli.

10 Flax-lodd

Ingen hadde full pott i den 22. runden. Berre Inger Marie Antonsen hadde fem rette, og dermed får ho tilsendt 10 Flax-lodd i posten.

Slik er reglane

Alle som deltek er med i konkurransen om eit reisegåvekort på 5.000 kroner til den som har flest rette når sesongen er slutt. Om du ikkje var med i første runden kan du likevel hive deg på og ha ein god sjanse i samandraget. Fotballekspertane Tom Wolff Navarsete og Jan Fuglesteg hjelper deg på vegen.

Det kostar ingenting å delta. Det einaste du treng gjere er å fylle ut "tippekupongen" og klikke på "send". Hugs å registrere deg med namn, adresse og e-postadresse.

Den beste i kvar serieomgang får 10 flaxlodd. Og når sesongen er over vil den med flest rette få eit reisegåvekort på 5.000 kroner frå NRK. Er det fleire som har like mange rette vert det loddtrekning om premiane.

Resultat, tabell og terminliste for 3. divisjon 2007   

Tom Wolff Navarsete
Foto: Fjøra Fotballklubb

 

Ekspertane hjelper deg 

Til å hjelpe deg med vurderingane av laga i 3. divisjon har vi fått hjelp av fleire lokale ekspertar. Ein av dei fremste er nestleiar i Fjøra Fotballklubb, Tom Wolff Navarsete. Han har og fartstid både som spelar og trenar.

Saman med nettansvarleg i klubben, Jan Fuglesteg og Tor Henning Mardal har han dei siste åra samla inn solid informasjon om 3. divisjon i Sogn og Fjordane.

Slik vert tabellen

I seks radioprogram på NRK Sogn og Fjordane vurderer dei to karane laga og tippar tabellen for sesongen 2007. Først ut er dei to laga som Wolff Navarsete og Fuglesteg meiner hamnar i botnen av tabellen.

Du kan og lese om tipsa her: Fjøralupao 2007

På 12. og sisteplass meiner dei nyeopprykka Eikefjord hamnar.

- Svak stall og få spelarar, er dommen til Wolff Navarsete og Fuglesteg.  

Jan Fuglesteg
Foto: Fjøra Fotballklubb

På 11. plass spår dei IL Høyang.

- Laget plar slite med motivasjonen når hausten kjem, meiner ekspertane.

Heile grunngjevinga deira høyrer du her: Tabelltipset 2007 - del 1

På 10. og 9. plassen meiner Wolff Navarsete og Fuglesteg at Dale og Florø vil hamne: Tabelltipset 2007 - del 2

Mista beste spelaren

Eid har mista sin beste spelar og fjorårets kaptein og hamnar difor på 8. plass. På sjuandeplassen kjem "gutta frå skogen" - Kaupanger.

- Dei har ein bra førsteellvar når alle er skadefrie. Men lagar har mista ein del rutinerte spelarar, i tilleg til at dei slit med nokre langtidsskadde, er dommen frå fjøralupao. Høyr meir: Tabelltipset 2007 - del 3

Kven sogningane trur kjem på 5. og 6. plass kan du høyre her: Tabelltipset 2007 - del 4

Årdal på tredjeplass

På 4. plass meiner Wolff Navarsete og Fuglesteg at deira eige lag, Fjøra, vil hamne når sesongen er over. Dei forklarar den høge plasseringa med at laget har fått ein del gode forsterkingar.

På bronseplass meiner dei at Årdal vil vere.

- Dei har mange spelarar med erfaring frå 2. divisjon, i tillegg til ein del nye spelarar frå Aust-Europa, forklarar ekspertane.

Heile vurderinga av 3. og 4. plassane får du her: Tabelltipset 2007 - del 5

Tornado Måløy på topp

Wolff Navarsete og Fuglesteg trur Tornado Måløy vil vinne årets 3.divisjon.

- Dei hadde ein god sesong i fjor. Dei har bygt opp eit godt lag av unge talent, er dommen til ekspertane.

På andreplass meiner dei Stryn vil plassere seg. Grunngjevinga: Tabelltipset 2007 - del 5

Fjøra-Lupao 2007

Meir fakta, vurderingar, statistikkar - og ikkje minst karakteristikkar - finn du på  Fjøra Fotballklubb  sine nettsider eller i Fjøralupao 2007 . Her har Jan Fuglesteg, Tom Wolff Navarsete og Tor Henning Mardal lagt ned eit solid arbeid for å halde alle fotballinteresserte oppdaterte på vår lokale toppdivisjon.