Hopp til innhold

Her var det varmast i landet i dag

Lærdal trona, saman med Bingsøy, øvst på lista over stadar med høgast temperatur fredag.

Lærdalsøyri

VARMT: Lærdal hadde landets høgaste temperatur fredag.

Foto: arkiv / NRK

– Det er høge temperaturar. Lærdal er på førsteplass i landet saman med Bingsøy i Møre og Romsdal med 23,8 grader. I Svelgen er det målt 22,7, så det har vore over 20 grader mange stadar i Sogn og Fjordane, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Mette Skjerdal.

Slutten på sommaren har bydd på varmt og godt vêr dei fleste stadar i landet, men laurdag søkk temperaturane noko.

– Det blir for det meste skya, men kanskje gløtt av sol i dei nordlegaste områda. Det kan bli litt regn i sør, men elles vert det stort sett opphald, seier Skjerdal.

Skyar til utover kvelden

Mange har nok kosa seg i det fine vêret, men utover kvelden vil det skye til dei fleste stadar.

– I dag er det mykje fint vêr mange stadar. Det skyar nok litt meir til utover kvelden, spesielt i dei sørlege områda, seier Skjerdal.

Laurdag held det fram med vind frå austleg retning.

– Det kan bli opp i liten kuling og kanskje stiv kuling på dei mest utsette stadane, seier Skjerdal.

Det er ein front som er på veg nordover, og dermed vert det utrygt for litt regn einskilde stadar.

Litt varmare vêr søndag

– Det kan nok bli litt regn i dei ytre sørlege stroka, men det er ikkje store nedbørsmengder det er snakk om, seier Skjerdal.

Det bles opp i søraust frisk bris, og det vil det halde fram med.

Søndag er det venta å bli litt varmare att.

– Det ser ut til at det vert opphaldsvêr heile dagen og lange periodar med sol og mindre vind enn laurdag, seier Skjerdal.