Hopp til innhold

Slik får du betre telemarks-teknikk

Kurshaldar Bjørn Sandsmark viser deg korleis telemarksvingane går som ein leik!

– Kan ein ikkje ploge, er det vanskeleg å lære seg telemark

Bjørn Sandsmark

LÆRER DEG TELEMARK: Bjørn Sandsmark viser deg alt du treng å vite om skikøyring på telemarkski.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Her kan du lære deg å stå telemark: Bjørn Sandsmark har hatt fleire telemarkskurs, og veit kva folk slit med å få til.

Han meiner det er lettast å lære damene triksa sine. Karane har problem med at dei ikkje kan å ploge. Dei får berre større og større fart og klarer ikkje å stoppe.

– Det viktigaste i telemark er at du har blikket vendt nedover mot dalen og trykket på yttarste ski, altså den som er lengst ned mot bakken. Dette er spesielt viktig på hardt underlag. Det gjeld å ikkje vere redd for å bøye seg framover, seier han til NRK.no.

Han startar med å lære folk å ploge. Når det gjort så får svingen kome.

Starta tidleg med telemark.

Sjølv starta Sandsmark tidleg på 80-talet å køyre telemark. Tidlegare køyrde han mest alpint.

– Den gongen fekk ein stor merksemd i utlandet når ein kom på desse tynne skia. I dag er breidda på skia ei heilt anna, seier han.

53 år gamle Bjørn Sandsmark jobbar no i Sport Outlet i Førde.

Tykkjer det er ein leik!

Han har ikkje sjølv den nyaste typen telemarksko, fordi han meiner det viktigaste er å finne seg ei sko som er god på foten og som passar.

– Det er ikkje der ein skal spare pengar. Det hjelper ikkje mykje med dyre ski dersom skoa er elendige å ha på seg, seier Sandsmark.

Han tykkjer telemark er ein leik og får den heilt store kjensla i jomfrueleg puddersnø. Då NRK.no gjorde opptak, var det langt ifrå puddersnø.

Starten – den fyrste svingen

Telemark-kurs

Bjørn Sandsmark viser Telemark-sving

Her kan du korleis Sandsmark svingar. Han tek og føre seg ulike typar ski, bindingar og sko.

Overgangen mellom første og andre sving

telemark-kurs

Telemark. Korleis gjer ein det mellom fyrste og andre svingen.

Her ser ein to svingar etter kvarandre.

Det gjeld å kunne ploge...

Ploging er starten på å lære seg ein telemarkssving. Det er det ein startar med. Då gjeld det å stå med knea inntil einannan og kante skia.

Sjå utviklinga innan telemarksski

Kva type ski

Ulike typar ski dei siste tretti åra

Skia har endra seg totalt frå det starta med telemark. Bjørn viser deg utviklinga.

Frå rottefella til NTN-bindingar

Telemark-binding

Det er fleire ulike bindingar å velje mellom

Bindingane har og endra seg. Etter 2012 har det nok kome fleire og forbetra telemarks-bindingar, men prinsippet er det same.

Frå lærsko til nesten slalåmsko

Created by InfoDispatcher

Det er ulike typar sko

Skoa har utvikla seg frå ei lærsko til å bli nesten lik ei slalåmsko.

Slik påverkar spennet i skia deg

Telemark-kurs

Spennet i skia

Korleis påverkar spennet i skia korleis ein køyrer.

Laussnøkøyring

Created by InfoDispatcher

Laussnø og telemark

Det er ikkje like lett å demonstrere laussnø i harde, preparerte bakkar. Men kanskje får de seinare sjå når Bjørn køyrer i laussnøen her på Jølster skisenter.