Hopp til innhold

Ladetrøbbel på Lavik - Oppedal

Norled slit framleis med å få ladestasjonane til å fungere optimalt. Dermed har fleire avgangar blitt kansellerte.

Ampere er på plass i Lavik

LADAR IKKJE SOM DEI SKAL: Ladestasjonane til ferjeselskapet Norled fungerer ikkje som dei skal. Selskapet slit med dårlege kontakter.

Foto: NRK-tipsar

Fleire avgangar i B-ruta har vore kansellerte onsdag etter trøbbel med ladinga.

– No håpar vi å få dei delane vi treng for å få ordna den eine ladestasjonen onsdag kveld, seier Regionssjef ferjer, Inge André Utåker i Norled.

Norled overtok drifta av ferjesambandet Lavik-Oppedal frå årsskiftet etter at Fjord1 og tidlegare Fylkesbaatane.

Dagens problem med ladestasjonane er same problemet som selskapet hadde for mindre enn ei veke sidan. Då verka heller ikkje ladestasjonane optimalt, og «Ampere» måtte gå med redusert kapasitet.

– Det er ei kontakt som må skiftast på begge ladestasjonane. Vi har delar til den eine stasjonen på plass onsdag kveld. I morgon håpar vi å ha på plass delar til den andre ladestasjonen, seier Utåker.

Difor håpar selskapet at ferja kan gå med full kapasitet frå i kveld.

– Det er færre avgangar og vi vil få tid til å lade ferja skikkeleg, så vi håpar å unngå kanselleringar.

Batteriferja Ampere til kai saman med MF Stavanger

BATTERI: Her ligg batteriferja Ampere til kai i Oppedal.

Foto: Rune Fossum / NRK