Hopp til innhold

Her er grønspetten i fullt «arbeid» att på kyrkja

Tårnet til Ålhus kyrkje fekk ikkje stå lenge i fred for den arbeidssame grønspetten. No får kyrkja i Jølster felle hakkespetten.

Grønspett på Ålhus kyrkje.

TILBAKE: Det er ikkje alle som tykkjer om at grønspetten har tatt opp att «arbeidet» på Ålhus kyrkje. – Eg føler vi har gjort det vi kan for å skremme den vekk. Å dra netting over heile kyrkja til problemet er borte tykkjer eg er å dra det litt langt, seier kyrkjeverje Per Christian Liseter.

Foto: Per Christian Liseter

Kyrkjetårnet vart i sommar reparert for 200 000 kroner, men verken ny kledning eller ein blå fugl-liknande figur skremde grønspetten frå å igjen setje nebbet i veggen.

Kyrkjeverje Per Christian Liseter i Jølster

KYRKJEVERJE: Per Christian Liseter veit ikkje kva meir ein kan gjere for å få stogg på grønspetten si herjing med Ålhus kyrkje. No får kyrkja fellingsløyve.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

I løpet av eit par haustdagar kom det to nye hol i kyrkjetårnet.

– Når vi har fiksa det meste av kyrkja, så er det fortvilande at hakkespetten i løpet av få dagar lagar ti centimeter store hol i panelet og inn mot rammeverket til tårnet, seier kyrkjeverje Per Christian Liseter.

Mangeårig problem

NRK fortalde i sommar om den trøblete grønspetten som over fleire år har herja med kyrkja på Ålhus . Tårnet vart demontert og i alt 25 hol reparert. Framleis står det att å tette eit par hol – i tillegg til to nye.

Hakkespett på Ålhus kyrkje.

FRYKTAR: Slik såg taket på kyrkjetårnet ut før det vart reparert. Kyrkjeverje Liseter håpar ikkje det går så langt denne gang. – Blir det som tidlegare, er det snakk om hundretusenvis av kroner i reparasjonar, seier han.

Foto: Per Christian Liseter

No får kyrkja felle inntil fem individ av den freda grønspetten. Informasjonskonsulent Magne Myklebust i Norsk Ornitologisk Forening beklagar.

– Eg har forståing for at dei opplever dette som eit problem og eg set veldig pris på at dei har prøvd avbøtande tiltak, men det slår meg at ein kan finne ei løysing på problemet utan å skyte fuglane. Prøv vidare med ulike fargar på silhuettar av rovfugl, oppmodar han.

Har gjort tiltak

Hakkespett på Ålhus kyrkje

ARKIVFOTO: Det er ikkje berre kyrkja i Jølster hakkespetten gjer skader på. – Årleg gjer den skadar for millionar av kroner på kyrkjer, hytter og låvar i Norge, seier Magne Myklebust i Norsk Ornitologisk Forening.

Foto: Per Christian Liseter

Foreininga har tidlegare klaga på liknande fellingsløyve, men det er førebels uvisst om dei vil klage på vedtaket til Jølster kommune.

Tenesteleiar for næring og miljø i kommunen, Joar Helgheim, er usikker på om det er så mykje meir å gjere.

– Dei har reparert kyrkjetårnet i håp om at fuglen skulle misse interessa. Dei har også prøvd andre ting for å skremme fuglen derifrå, seier han og trur problemet vil halde fram om ein ikkje får gjort tiltak før vinteren.

Grønspetten oppsøkjer husveggar og liknande på vinterstid for å leite etter insekt som overvintrar i sprekkar.

Hakkespett på Ålhus kyrkje.

I SVING: Kyrkja i Jølster har hyra inn ein lokal jeger som skal prøve å ta ut den arbeidssame grønspetten.

Foto: Per Christian Liseter

– Det er ikkje noko ein ynskjer, men her er det ikkje mange alternativ i høve til kyrkja og tårnet, som også er ein stor verdi for bygda, seier Helgheim.

Vil ikkje ha tivoli

Så lenge tiltaka ikkje fungerer, vil hakkespetten halde fram «arbeidet» på kyrkja.

Hakkespett på Ålhus kyrkje

ARKIVFOTO: Sjølv om grønspetten skulle bli teken ut, vil kyrkja halde fram med tiltak for å unngå liknande problem. – Vi kan ikkje slå oss til ro med at det er i orden. Vi vil gjere tiltak så det ikkje etablerer seg nye hakkespettar på staden, seier han.

Foto: Per Christian Liseter

– Eg har prøvd å lese meg litt opp og har diskutert med andre med tanke på å montere lyd frå rovfuglar. Men kyrkja er ein stad ein skal gå i fred og ro, seier kyrkjeverje Liseter.

– Kva med silhuettar i ulike fargar?

– Det har vi ikkje gjort. Det er trass alt ei verneverdig kyrkje, og vi er ikkje ute etter å lage noko tivoli.

Liseter forsikrar at ein vil prøve avbøtande tiltak for å hindre tilsvarande problem for framtida. Kva tiltak er førebels uvisst.