Hopp til innhold

Drøymebanneret for ordføraren, men ulovleg meiner rådmannen

Ordføraren i Flora, Bengt Solheim-Olsen vart avbilda framfor Leedsbanner med ulovleg bruk av Flora sitt byvåpen. Det fell ikkje i god jord hjå tidlegare ordførar, som no krev forklaring.

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen framfor det ulovlege banneret som foreinar byen hans og laget.

SINE LIVS KJÆRLEIKAR: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen framfor fotballbanneret som foreiner dei to tinga han er mest oppteken av; fotballaget Leeds og byen Florø. Men banneret er ulovleg.

– Eg har late meg avbilde framfor eit flagg som nokon har laga. For meg er det dei to tinga eg er mest glad i. Fotballklubben Leeds og Flora i skjønn foreining, seier ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen, som seier det ikkje er noko tvil om at han er levande oppteken av laget og byen.

På eit fotballbanner på tre gonger to meter står det "Leeds United og Florø Whites". Og mellom desse tekstane er symbola til fotballklubben Leeds, og i midten det som ser ut som Flora sitt byvåpen, med tre sølvfarga sildar på ein blå bakgrunn.

Bengt Solheim Olsen

ORDFØRAREN BEKLAGAR: Ordførar Bengt Solheim-Olsen beklagar at Bente Frøyen Steindal ikkje har fått svar på saka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Og det er noko av problemet, for byvåpenet til Flora er nemleg tre sølvsildar på ein raud bakgrunn.

For ordføraren er banneret og danderinga av symbola ei kjærleikserklæring, men den fell ikkje i like god jord hjå alle. Tidlegare ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal, påpeikte i september at formannskapet ikkje har godkjent bruken av byvåpenet i denne samanheng.

For all bruk av byvåpenet skal nemleg opp i formannskapet og godkjennast.

– Vi må følgje reglane, og det bør som eit minimum bli informert om bruken, seier Steindal.

Klart i strid med regelverket

Rådmann, Terje Heggheim, har også vurdert bruken av byvåpenet.

– Eg vurderer det heilt klart til å vere i strid med reglane. Det er feil farge, feil bruk av motiv og ikkje riktig sett saman med andre symbol. Og det er heller ikkje søkt om løyve til å bruke kommunevåpenet.

Banneret for Leeds United Florø Whites er ikkje heilt etter regelverket.

STRIDENS KJERNE: Midt blant Leeds sine symbol finn ein også Florø sitt byvåpen, noko som ikkje er heilt etter regelverket. I røynda er det tre fiskar på raud bakgrunn.

Steindal har bede ordføraren sette saka opp på agendaen i formannskapet, men så langt har ikkje dette skjedd. Saka tok ho først opp 18. september, men sidan ordførar framleis ikkje har svart, så har ho klaga på det til Fylkesmannen.

– Eg beklagar at ho ikkje har fått noko svar, og det skal ho få snart, seier Solheim-Olsen. Han legg til at han ser det kan vere uheldig at det verkar som han tek lett på reglane om bruk av byvåpenet.

Må ikkje skje fleire gonger

– Eg tenkte det var eit artig initiativ, og i den store samanhengen så er dette ein bagatell. Banneret er ei gåve frå Leedsmiljøet i Bergen, og Bergen sitt byvåpen er også brukt, seier ordføraren. Han er likevel klar på at det no blir teke opp med dei som står bak av bruken ikkje er godkjent.

– Det er lett å slå fast at det ikkje er lovleg bruk, sjølv om det i supportermiljøa ofte er brukt, seier han.

Rådmannen har ikkje tenkt å straffeforfølge saka, men er klar på at den ulovleg bruken må ta slutt.

– Ein skal ha respekt for byvåpenet. Eg trur ikkje dette er ei bevisst handling, det er vel heller ei kjærleikserklæring til både fotballaget sitt og heimbyen sin, men å knyte desse to miljøa saman slik det er gjort, blir dessverre feil, seier Heggheim.