Hopp til innhold

Krise kan gi meir vegbygging

Dei økonomiske nedgangstidene kan vere bra for vegforkjemparane, mellom anna for Kyststamvegen.

Kystvegkonferansen i Florø

Frå Kystvegkonferansen i Florø fredag.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

For no kan det bli billegare å byggje vegar. Samstundes kan regjeringa bli nøydd til å bruke meir pengar på offentlege byggjeprosjekt for å hindre arbeidsløyse.

Kystveg Ålesund-Bergen

150 næringslivsfolk og politikarar sit forventningsfulle i Florø. Dei ventar på å prøve å overtyde samferdsleministeren om at det må satsast på kystvegen mellom Ålesund og Bergen.

- Medisin i tøffe tider

På kartet på powerpointen på veggen ser ein draumen om ein betre kystveg om Ulsteinvik, Måløy, Florø og Bergen. Og skjelvande børsar verda over har gjeve dei ny optimisme

- Når vi ser at det blir tøffare tider så er det ein medisin vi veit verkar. Det er å køyre opp den offentlege aktiviteten, spesielt i form av å byggje og utbetre vegar, seier fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Tor Bremer.

Politisk riktig

Medan børsane blør veks no trua på ein gullalder for vegbyggjng. For no blir det billegare å byggje og kanskje meir politisk riktig å satse på storstilt vegbyggjing. Det trur iallfall Kåre Audun Haddal i Jets Standard på Hareid.

- Vi får kanskje fleire ledige hender framover. Vi har mykje midlar ståande til anna bruk. Vi har sett at mange av dei har gått tapt i det siste, det kan hende at folk kjem på andre idear å bruke die på.

Agnar Strømsnes
Foto: NRK

- Unik sjanse

Dagleg leiar Agnar Strømsnes ved Fjord Base i Florø ser og det positive i nedgangstidene.

- Vi har framleis ein stat med utruleg store ressursar, og den beste investeringa vi kan gjere er nettopp å byggje opp infrastrukturen, spesielt i nedgangstider, for det er då vi skal legge til rette for ny vekst. Vi har ein unik sjanse til å bruke pengar til slikt no, for det er å byggje landet vidare.

Ikkje avvisande

Liv Signe Navarsete

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete lytta til argumentasjonen frå kystvegforkjemparane.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Etter å ha sett film frå kystvegen slik den er i dag og høyrt utallige oppmodingar om å satse meir på veg, er samferdsleminister Liv Signe Navarsete slett ikkje avvisande. Nedgangstidene kan vere godt nytt for vegforkjemperar landet rundt.

- Dersom det blir ein vekst i arbeidsløysa famover er det slik at vi må vurdere motkonjunkturtiltak. Vi har lagt fram eit budsjett som svarar betre på dei utfordringane enn vi nesten torde å håpe på, men utover vinteren får vi svar på om det er nok.

- Då må vi vurdere andre tiltak, det første og viktigaste no er å få finanspolitikken til å verke, at vi får ned renta og at vi får likviditet i bankane våre, slik at økonomien tek til å gå rundt igjen. Men punkt to vil vere å vurdere tiltak i 2009.