Hopp til innhold

KrF til kamp for skuleskyssen

– Vi må halde på maksgrensa på 45 minutt reiseveg for grunnskuleelevar. Det seier KrF sin førstekandidat Trude Brosvik, som vil ha meir pengar på bordet.

Trude Brosvik i Balestrand

REISEVEG: Trude Brosvik i KrF vil jobbe for meir pengar til skuleskyss, og på sikt vil ho ha ansvaret for skuleskyssen overført til kommunane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi har veldig mange bygder i Sogn og Fjordane der borna må reise med buss eller båt til skule. Det er ei norm som seier at grunnskuleelevar ikkje skal ha lenger reiseveg enn 45 minutt, og vi i KrF vil prøve hardnakka å halde på den, seier Brosvik.

Trong kommuneøkonomi fører stadig til nedlegging av grendeskular. Mange elevar får dermed lengre reiseveg til skulen, og med tronge kår også hos fylkeskommunen kjenner mange på uroa for at reisevegen skal bli endå lenger.

I Hyen i Gloppen stod fleire elevar i vår fare for å få dobla reisevegen, til ein time, då fylkeskommunen i vår ville leggje ned skuleruta til Eimhjellen. Foreldra klaga og fylkeskommunen bestemte seg for å frede skuleskyssen ut skuleåret.

– Vi må setje borna i sentrum

Leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Arnstein Menes, vedgjekk den gongen at han venta det ville dukke opp liknande saker. Nettopp dette har KrF sin førstekandidat i Sogn og Fjordane merka seg, og lovar kamp.

– Eg er redd det kjem fleire slike forslag for at fylket skal klare å spare pengar. Men her må vi setje borna i sentrum og tenkje på deira beste. Så må vi ta eit oppgjer med staten på korleis betalinga skal skje, seier ho.

Slik det er i dag er det kommunane som tek avgjerder kring nedlegging av skular, oftast gjort for å spare pengar. Samtidig er det fylkeskommunen som tek rekninga for skuleskyssen, ei rekning som gjerne blir større etter kvart som skulane forsvinn.

Med ei kommunereform på trappene meiner Brosvik det må gjerast endringar.

– Eg meiner kommunane må ta over oppgåva med skuleskyss.

Før det eventuelt blir slik vil ho jobbe for at fylkeskommunen får meir pengar som kan dekke skuleskyssen.

– Dette har eg teke opp med samferdslepolitisk talsmann i KrF som gir oss støtte, så dette skal vi følgje opp, seier Brosvik.

Inger Mari Akse

OMKAMP: Trass utspelet frå KrF fryktar Inger-Mari Akse på Solheim i Gloppen at skuleskyssen raskt blir nedprioritert når det kjem til stykket.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Fryktar omkamp kvart år

Borna til Inger-Mari Akse på Solheim i Gloppen var blant dei som i vår stod i fare for å få dobla reisevegen til skulen. Ho er glad det blir sett fokus på skuleskyss.

– Men sjølv om det er parti som seier dei skal prøve å få det til, så blir det kanskje ikkje prioritert når det kjem til stykket.

Ho fryktar foreldra må ta kampen kvart einaste år, og seier det er vanskeleg å leve med uroa for kor lenge skuleskyssen får stå i fred.

– Vi opplever at lovnadane er korte, og det er vanskeleg å leve med. Det er ungane våre vi snakkar om, det er dei vi sender av garde, seier ho.