Hopp til innhold

Vil krevje påbod om bilbelte i alle bybussar

Yrkestrafikkforbundet ynskjer påbod om bilbelte i alle bybussar. Det trur trafikksjef i Firda Billag vil bli eit vanskeleg krav å handheve.

Yrkestrafikkforbundet vil ha påbod om bilbelte i bybussar

YNSKJER PÅBOD: Yrkestrafikkforbundet ynskjer eit påbod om bilbelte i alle bybussar.

– Bruk av bilbelte er ein av dei få enkle tinga som kan redde liv om det går gale. Vi håpar ein innser at det bør vere belte i bybussar, og at beltet bør brukast, seier forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet, Svein Furøy.

I etterkant av bussulukkene i Oslo før jul har diskusjonen om bilbelte i bybussar blussa opp. No har forbundet sendt brev til Vegdirektoratet, der dei føreslår at det kjem påbod om belte.

– Vi må sjå på kva som kan gjerast for å auke tryggleiken for passasjerane om det skulle skje eit uhell.

I dagens bybussar er minimum 45 prosent av passasjerplassane ståplassar, og det er ikkje krav om at desse bussane skal ha bilbelte.

Trur det blir vanskeleg å handheve regelverket

Firda Billag, som driv bybussane i Førde og Florø, seier dei ikkje vil gjere noko med saka før det eventuelt blir lovendringar.

Trafikksjef Tore Masdal i Firda Billag

VANSKELEG REGELVERK: Tore Masdal i Firda Billag trur eit påbod om bilbelte i bybussar vil vere vanskeleg å handheve.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi føl dei retningslinjene som styresmaktene set opp. Kjem det krav om at vi må ha bilbelte i bussane, så vil vi gjere det. I anbodet om nye bussar i Nordfjord er det berre bussar med bilbelte, seier trafikksjef i selskapet, Tore Masdal.

Han trur også at dersom det blir påbode med bilbelte i bybussar, så vil regelverket vere vanskeleg å handheve.

– Bybussane køyrer korte strekningar i veldig låg fart, og med mykje start og stopp. Difor trur eg det blir utfordrande å handheve eit slikt påbod.