Kongeskipet oppankra ved Herland på Atløy - KONGESKIPET I HAVBLIKK: Skipet la seg til ro på Herlandsvika tysdag kveld. - Foto: Arild Herland /

KONGESKIPET I HAVBLIKK: Skipet la seg til ro på Herlandsvika tysdag kveld.

Foto: Arild Herland

Kongeskipet i havblikk på Atløy

Tysdag kveld la ei staseleg dame seg til ro for natta på Herlandsvika på Atløy.

Arild Herland heldt på med noko arbeid då sonen gjorde han merksam på eit skip som nærma seg.

– Eg og eine gutungen dreiv og spikra på eit gjerde då han peika på nokre master som viste seg over nokre haugar, og så kom ho og la seg til. Det viste seg at det var sjølvaste Kongeskipet «Norge». Jamen droppa ho ankeret rett utpå Herlandsvika.

– Då heiv vi oss rundt, eg og to av ungane, og tok båten utpå og knipsa nokre bilete. Ho tok seg godt ut i havblikk og kveldssol.

– Såg de nokon kongelege?

– Nei, dersom dei var med så var dei sikkert under dekk og åt middag.

På veg sørover

– Det er ikkje kvar dag de har så fint besøk?

– Nei, dette var ei overrasking. Eg snakka litt med vaktsjefen om bord, han fortalde at dei var på veg sørover langs kysten. Då eg stod opp i dag var Kongeskipet vekk.

Dette er andre gongen på kort tid at Kongeskipet har lege til anker her i Sogn og Fjordane. Den 13. april låg skipet utanfor Almenning i Nordfjord.

Kongeskipet Norge på Herlandsvika på Atløy - STASELEG DAME: Kongeskipet 'Norge'. - Foto: Arild Herland /

STASELEG DAME: Kongeskipet 'Norge'.

Foto: Arild Herland
Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.