– Det er klart ein kan miste nattesøvnen av mindre, seier rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter. Eid kommune ser lånegjelda vekse år for år framover. I år er gjelda på 617 millionar kroner, og fram til 2019 ventar ho at gjelda vil auke til 740 millionar kroner.
– Vi har svært mykje i lån.
Kostar å vere i gjeld
Trass i at renta er svært låg, kostar det framleis å ha lån.
– Viss vi ikkje får andre inntekter frå Staten så må vi ta ned drifta, for vi får ikkje dette til å gå i hop. Og det er vi gang med.
Men for kommunen kostar det å ta ned drifta.
– Det smerter veldig for vi er det som vert definert som ein svært effektiv kommune. Vi vart kåra til den 13. mest effektive kommunen i landet og det betyr at vi får svært mykje ut av kvar krone. Det betyr at vi har ikkje så veldig mykje meir å gå på.
– Kva tid er toppen nådd for Eid sin del når det gjeld lån?
– Eg ville jo sagt at dei vedtaka som er gjort bør vere toppen. Det er ikkje mykje meir vi bør satse på dei nærmaste åra i alle fall, seier Krogsæter.
Mange i same båt
Men ho er ikkje åleine om å skulle trylle med lite pengar. I fleire andre kommunar tel ein også på kronene.
– Det blir ei kraftig auke i lånegjelda, seier AP-ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy kommune.
I åra etter 2010 har kommunane i fylket auka gjelda med 1,5 milliardar kroner- til samla 8,8 milliardar ifølgje fylkesmannen.
– Vi har nokre prosjekt som vi har skubba på og som vi må ta no, blant anna investering i ny ungdomsskulen som vi få stor innverknad på den samla lånegjelda til Vågsøy kommune.
Ho er ikkje i tvil om at investeringa vil påverke handlekrafta til kommunen dei kommande åra.
– Det blir trongt. Absolutt. Vi blir tvinga til å bruke av fond, og ideelt sett skulle vi sett av til fond.
Må ta ned drifta
Vågsøy kommune vil auke lånegjelda frå 400 millionar i år til over 700 millionar i 2019.
– Vi har hatt nokre år no med store utbyggingsprosjekt og neste år har vi eit barnehageprosjekt i Bygstad som vi skal prøve å realisere. Og det er jo ei kostbar sak som vi må finansiere med låneopptak, seier rådmann Helge Følid i robek-kommunen Gaular.
Kommunen aukar lånegjelda, for å kunne investere kommande år.
– Nei, driftsbudsjettet vårt er blitt veldig stramt. Det er ikkje mogeleg å få inn nokon av desse investeringstiltaka på drifta, etter mi vurdering. Så vi er heilt avhengige av å låne til investeringstiltak, seier Følid.