Ser du for deg Ringenes herre full av bråkete fotballfans med vuvuzela? Eller Harry Potter som startar rockeband og testar ut sine homoseksuelle sider?
Stian Hafstad frå Førde har ikkje berre sett det for seg. Saman med Christer Larsen frå Grimstad har han laga filmar av det. Filmar som er sett nærare 12 millionar gongar på YouTube.
Pistol Shrimps
Dei to kameratane står bak YouTube-kanalen
. Der legg dei ut alt frå enklare videoar med misvisande seksualundervisning til gjennomarbeidde liksom-filmtrailerar.Kameratane er mest kjende for å klyppe seg sjølve inn i filmar som Harry Potter og Ringenes herre.
- SJÅ YOUTUBE-KLIPP: .
- SJÅ YOUTUBE-KLIPP: .
– We're bringin' hip hop back to Middle Earth, utbryt Stian Hafstad utkledd som gangsta-rappar midt i ei scene frå Ringenes herre.
Ein film i veka
Kameratane byrja å leggje ut videoar sporadisk i 2008. Frå i år vart det jamnare: Ein video kvar veke. Det er noko ein kan gle seg over enda ein stund:
– Vi filma 40 videoar i sumar. Dermed vert det ein video i veka iallfall fram til sumaren 2011, fortel Christer Larsen.
Filmane er særleg populære i Polen, Nederland og Sverige. Dessutan har Pistol Shrimps mange sjåarar i USA.
Skilde vegar
Dei to kameratane møtte kvarandre under studia i film- og tv-produksjon ved Universitetet i Bergen. Etter fullførte studium vart dei skilt frå kvarandre.
Stian Hafstad har reist til New York for nye studium, medan Christer Larsen framleis er i gamlelandet. Likevel lever Pistol Shrimps i beste velgåande:
– Fram til sumaren kjem det mykje meir Harry Potter, Star Wars og Ringenes herre, reklamerer Larsen.