Hopp til innhold

Kjenner framleis ikkje omfanget av lakserømming

Representantar frå Fiskeridirektoratet kjem seinare i veka til Marine Harvest sitt anlegg ved Brattholmen i Solund etter lakserømminga som vart oppdaga måndag. Omfanget er framleis ikkje kjent.

Lakserømming, Brattholmen

Marine Harvest varsla måndag denne veka Fiskeridirektoratet om at dei hadde oppdaga at ei ukjend mengde fisk hadde rømt frå eit anlegg i Solund.

– Rømminga vart oppdaga under ein inspeksjon på anlegget måndag, sa Eivind Nævdal-Bolstad som er kommunikasjonssjef i Marine Harvest til NRK.no tysdag.

Nævdal-Bolstad kan tidleg onsdag føremiddag ikkje seie noko om kor stort holet i nota på merden er, eller kva dette skuldast.

Det stod opphavleg 192.000 laks i merden, og det er til no attfiska 29 fiskar.

– Det er fisk att i merden, men vi må få telje opp desse før vi kan slå fast omfanget av rømminga.

Sju rømmingar på ni månader

– Når trur de at det kan ha skjedd?

– Dette er vi i gang med å undersøke no saman med Fiskeridirektoratet og leverandør. Hendingsgangen veit vi ikkje meir om per i dag, seier Nævdal-Bolstad.

Av 25 rømmingar rapportert til Fiskeridirektoratet i perioden 1. januar 2015 til 30. september 2015 var sju av dei hos Marine Harvest sine anlegg rundt om kring i landet.

Det verste tilfelle av desse sju var rømminga i Bremanger i slutten av april 2015. Då rømde 35.000 laks, og vel 950 vart gjenfanga av selskapet, ifølgje tala til Fiskeridirektoratet.

– Det er ulike hendingar som har gjort at det rømmer fisk. Vi har ein nullvisjon. Vi går gjennom kvar hending saman med Fiskeridirektoratet og leverandørar, for å finne årsak for å finne ut korleis vi kan unngå at rømming skjer, seier Nævdal-Bolstad.

500 kroner per fisk

For å avgrense skadane av rømminga er det sett i gang gjenfiske, og lokale fiskarar blir oppmoda om å bidra til utfiskinga.

– Vi betaler ein kompensasjon på 500 kroner per innleverte fisk frå anlegget, seier kommunikasjonsdirektøren.