Hopp til innhold

Denne kjemperota kom deisande ned på E39

Ei diger trerot har ramla ned på E39, vel 150 meter frå Vadheim sentrum i retning Førde.

Rot på E39

DIGER: Rota ligg i det eine køyrefeltet, og kan komme brått på dersom du ikkje følgjer godt med.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Rota ligg slik til at det er grei passasje, men ho kjem litt brått på, dersom ein kjem i stor fart, seier Erlend Blaalid Oldeide, som nettopp har passert staden.

Vegtrafikksentralen stadfestar at dei har fått mange meldingar om rota i Vadheim.

– Første meldinga fekk vi for vel ein halvtime sidan, seier operatør Morten Hansen i 14.30-tida.

Opedahl & Søner, som er entreprenør på strekninga, er på veg for å fjerne trerota.

– Det vil ikkje ta lang tid før rota er vekk, seier Hansen.

Spor på staden fortel at det har vore store krefter i sving, og rota har endåtil laga ein skikkeleg bulk i vegrekkverket.

Haugevis med telefonar

Vegtrafikksentralen har fått inn svært mange telefonar om liknande hendingar både i Sogn og Fjordane og i Hordaland.

– Vêret vi har no, fører til at det kjem ned diverse rusk og rask rundt om. Vi har ikkje fått meldingar om noko særleg med stein, men det er mykje tre som er ute og fyk, seier Hansen.

Han ber bilistane vere ekstra varsame.

– Slike ting ligg ofte rett bak ein sving. Dersom ein køyrer for fort, så kan det vere vanskeleg å stoppe. Ta litt ekstra omsyn når vêret er slik det er i dag, seier Hansen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laga bulk

MERKE: Det er eit tydeleg merke i vegrekkverket etter at rota trefte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Store nedbørsmengder

Det er meldt om store nedbørsmengder både laurdag og søndag på heile Vestlandet.

NVE åtvarar om at det kan føre til raskt aukande vassføring i små og mellomstore vassdrag. Det kan også bli lokale oversvømmingar, og tettbygde strøk er spesielt utsette.

Det er også fare for jordskred og flaumskred grunna mykje regn.