Hopp til innhold

Sogndal måtte klare seg utan Karadas - kapteinen banka inn 1-0 skåringa

(Sogndal-Viking: 1-0) Kapteinen Rune Bolseth var revansjesugen på førehand, og gjorde jobben. Like før slutt sette han Fosshaugane i fyr og flamme då han banka ballen i mål på direkten.

Rune Bolseth i duell i kampen mot Viking på Fosshaugane

SKÅRA: Rune Bolseth (i midten) sette inn 1–0 målet som sette fyr på publikum på Fosshaugane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Verken Sogndal eller Viking greidde putte ballen i nettmaskene i løpet av dei første 45 minutta på Fosshaugane. Heller ikkje då Sogndal fekk straffe litt ut i andre omgang vart det nettkjenning.

Ei kjapp oppsummering av første omgang er at den var utan dei heilt store hendingane. Ingen av laga noterte seg med skikkelege målsjansar, men begge laga viste tidvis gode takter.

Bomma på straffe

Etter pause noterte begge laga seg med kvar sin målsjanse, før det i det 71. minutt vart dømd straffe til Sogndal.

Malick Mane sette ballen i keeperhøgd og ikkje spesielt langt ut mot stolpen. Dermed greidde Rune Almenning Jarstein å kaste armen og slå ballen i tverrliggjaren og ut. Returen vart heada mot mål, men på ny gjorde Jarstein ei glimrande redning.

Kapteinen ordna biffen

Sogndal heldt fram presset og til slutt fekk dei løn for strevet.

I det 81. minutt er det kaptein Rune Bolseth som set publikum i fyr og flamme. Gustav Valsvik vinn ein duell i feltet, og når ballen ramlar ned hos Bolseth bankar han den rett i mål.

Målet til Bolseth vart kampens einaste, og Sogndal sikra seg dermed tre viktige poeng.

Utan Karadas

Sogndal måtte seg utan Azar Karadas i kampen mot Viking laurdag ettermiddag.

– Årsaka til Azar Karadas sitt sjukdomsforfall er ein lei virusinfeksjon, opplyser Sogndal fotball.

Sogndal stilte dermed med dette mannskapet mot Viking på Fosshaugane:

Erik Dahlin, Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Taijo Teniste, Malick Mane, Rune Bolseth, Sidy Sagna, Ruben Holsæter, Mahatma Otoo og Ulrik Flo

Innbytarar:

Leif Lysne, Anders Hella, Bjørn Inge Utvik, Espen Næss Lund, Gilbert Komsoon, Kristoffer Nesse Stephensen, Magnus Stamnestrø

Azar Karadas

UTAN AZAR: Azar Karadas har meldt sjukdomsforfall til kampen mot Viking.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix