Hopp til innhold

Jacob (4) klar for grønt kort

Jacob (4) har allereie spela meir golf enn dei fleste og slår til tider betre enn pappa. - Han er klar for grønt kort, meiner pappa Magne Stubhaug (37).

Jacob Stubhaug

Jakob slår golfballen 70 meter.

Foto: Olav Hatlemark

Magne Stubhaug meiner sonen i ein alder av fire år er klar for å ta grønt kort i golf. Det er grunnkompetansen alle må ha for å spele golf på alle norske baner.

- Han slår 70 meter. Det viser at det er teknikken som betyr mest i golf. Jacob har kompetansen inne for grønt kort, seier pappa Magna Stubhaug til Firdaposten.

Målretta blikk

Jacob vil ikkje sjølv uttale seg til avisa, men let golfkølla tale for seg ute på greenen til Florø Golfklubb sitt treningsanlegg på Brandsøy planteskule. Med målretta blikk går fireåringen rett på sak, svingar og puttar ballen i holet med eit par slag. På imponerande vis har den fire år gamle golf-entusiasten for lengst lagt til seg grunnleggjande slagteknikk, som vaksne slit med å lære.

- Det hender faktisk at han slår meg, seier Magne. Og Jacob kvir seg ikkje på å ta opp kampen mot gutar som er tre gonger eldre.

Konkurrerer saman

Jacob nok fått golf-interessa med morsmelka. For foreldrene Magne og Ingrid Stavang er så pass hekta på golf at dei har kjøpt seg fritidsbustad ved golfbana på Jølster.

- Det fine med golf er at alle aldrar kan vere med. Eg kan no gå på bana med Jacob. Handikapsystemet gjer at vi kan konkurrere som likeverdige, seier pappa.