Svineinfluensa på 4H-leir på Breim - Foto: Vegard Erstad / NRK
Foto: Vegard Erstad / NRK

Inga hjelp frå helsemyndigheitene

Åge Avedal, 4H-koordinator i Sogn og Fjordane, seier dei vart møtt med eit skuldertrekk då dei ba om hjelp frå helsemyndigheitene i samband med svineinfluensautbrotet på Breim.

Han er slett ikkje nøgd med det.

– Dette var det første store utbrotet i landet, og då må vi jaggu kunne forvente å få litt backup frå dei som instruerte oss til å avlyse leiren, seier Avedal.

Les om svineinfluensa-utbrotet på Breim.

På andre døgnet

Han meiner det er altfor dårleg.

– Vi hadde jo våre beredskapsplanar, men vi er ikkje ekspertar på området. Vi bad laurdag om hjelp til å administerere situasjonen, men blei møtt med eit skuldertrekk. Då arbeida våre fem leiarar på andre døgnet, påpeikar Avedal.

Han håpar ingen opplever noko liknande med andre store arrangement.

Klump i halsen

Men Avedal er godt nøgd med hjelpa dei fekk frå andre.

– Vi takkar Gloppen kommune, legane, Røde Kors og alle andre som hjelpte oss gjennom dette. Eg får nesten klump i halsen når eg tenkjer på kor stor innsats folk la ned gjennom helga, fortel han.

Han tykkjer det er svært trist at ein måtte avvikle leiren.

– Dette skulle bli tidenes nordiske leir, og det var lagt ned utruleg mange timar frivilleg innsats for at det skulle skje. Då er det sjølvsagt trist å måtte sende heim att alle deltakarane, seier 4H-koordinatoren.

Økonomi

Gloppen kommune vil no be styresmaktene om hjelp til å betale rekninga etter svineinfluensautbrotet.

Avedal ser ikkje vekk frå at 4H óg vil trengje litt hjelp.

– Vi har ikkje så sterk rygg at vi kan bere det store underskotet vi kanskje kan forvente. Då håpar eg vi kan få hjelp dersom økonomien skulle vise seg å bli veldig dårleg, fortel han.

– Kva skjer no vidare på Breim?

– I løpet av dei neste dagane vil vi rigge ned leiren. Og så skal vi ta oss litt fri, seier han.

Det er bygd ut så mykje grønn strøm i Norge at det ikkje er lønsamt lenger.
No står mange små-kraft-prosjekt i fare, trass i at stortinget har vedteke at det skal byggast meir vasskraft fram til 2020.
Created by InfoDispatcher
Created by InfoDispatcher

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)